Det opplyser Vanylven kommune på sine heimesider.

Dei skriv vidare at det berre er tre søkjarar til denne lina, og at berre ein av dei er frå Vanylven.

Politikarane i Vanylven gjekk tidlegare i vinter ut og garanterte sommarjobb og 10.000 kroner til dei som valte og fullførte studieløpet på den vidaregåande skulen i kommunen.

Av dei 27 primærsøkjarane til skulen er 21 på førsteåret, og berre 14 kjem frå 10.-klassene i Vanylven.

– Avdelingsleiar Ester Sørdal Klungre seier at TIP og helsearbeidar har tilstrekkeleg søkjarmasse, medan studie- spesialiserande er i grenseland. Likevel vågar ein å vere optimistisk til at tilbodet kjem i gong, skriv kommunen på sine heimesider.

Der avsluttar dei med å skrive at sjølv om der kan kome fleire søkjarar til tilboda, så er det talet på dei med ungdomsrett som avgjer om tilbodet kjem i gong eller ikkje.