Ei samanstilling av økonomiplanane i dei to kommunane, som vart lagt fram på eit felles kommunestyremøte på Nordfjordeid torsdag, viser at ein i 2021 manglar 40 millionar,

– Samanslåinga er i rute

Under presentasjonen vart også politikarane orientert om at samanslåinga, som skal tre i kraft 1. januar 2020, er i rute.

– Vi er komne dit vi skal og vi er i rute. Vi har hatt ein lang forankrings- og mobiliseringsfase der vi har blitt einige om grunnleggande strategiar, verdiar og mål. Vi har rigga ein prosjektorganisasjon der vi no er klare for å starte eit kartleggingsarbeid, og gruppene skal kome i gang seier prosjektrådmann og rådmann i Eid kommune Åslaug Krogsæter.

Set i gang sju prosjektgrupper

Gruppene rådmannen viser til er til gruppene som skal arbeide med blant anna helse og omsorg, fagleg og sosial utvikling, samfunnsutvikling og eigedomsutvikling.

– Vi har prøvd å lausrive oss frå tenestetenking, og heller sett fokus på folk sine behov.

– Vi skal også kartlegge tenestene våre. Vi skal sjå på kva som fungerer godt, og kvar vi har ein veg å gå. Dette arbeidet skal vi vere ferdig med i slutten av mai, fortel rådmannen, og legg til at ein framleis skal arbeide med å forankre Stad2020.

– Vi har forankra det veldig godt hos prosjektleiarane, og det er viktig for at det skal kome vidare ut i organisasjonen. Til saman er det 700 årsverk og om lag 900 tilsette i desse to kommunane. Leiarane for desse prosjektgruppene får eit stort informasjonsarbeid.