Konfirmantane i Selje og Vågsøy går frå dør til dør med innsamlingsbøsser tysdag 20.mars

- Vi vil gjere vårt for å hjelpe dei som ikkje har noko, seier Elisabet, Henriette, Anette og Matilda, som skal gå med bøsse i Selje.

- Vi håper alle tek godt imot konfirmantane når dei kjem på døra, seier Eline Sandnes, kyrkjelydspedagog i Selje.

Handle lokalt, tenke globalt

Reint vatn, solide doar og god hygiene til flyktningar er stikkorda når konfirmantane i Selje og Vågsøy samlar inn pengar til Kirkens Nødhjelp Fasteaksjon, tysdag 20 mars. Fjorårets bidrag var til stor hjelp for flyktningar fra Boko Haram og Kongo.

– Pengane vi får inn gjennom Fasteaksjonen gir oss ein økonomisk muskel som gjer det mogleg for oss å reagere raskt når ei krise oppstår, slik vi gjorde i Angola då flyktningar kom over grensen frå Kongo. Då kunne vi kome fort i gang med midlane frå våre norske givarar, mens vi venta på meir støtte frå andre givarar, slik som FN. Støtta frå det norske folk gjer at vi kan handle raskt og redde fleire liv, sier generalsekretær i Kirkens Nødhjelp, Anne-Marie Helland.

Aksjonen blir i år arrangert for 51. gang, og frivillige over heile landet samlar inn pengar ved å gå med bøsser eller arrangere ulike tilstellingar. Pengane går til Kirkens Nødhjelp sitt arbeid over heile verda.