Om lag 100 menneske samla seg til folkemøtet i Svelgen onsdag kveld. Sakene famna vidt – men heimekjært.

Det var Svelgen Opp og Fram som stod som arrangør med Kåre Myklebust i spissen. Dei har oppgradert fontena utanfor samfunnshuset og kvelden vart avslutta med premiere med mangefarga lys og sprutande vatn.

Dugnadstimane har vore mange og estimert til 800.000 kroner utanom dei reine investeringane. Til dette har det vore kronerulling og tilskot frå fleire bankar og lokale verksemder.

Kåre Myklebust fekk ståande applaus for alt han har bidrege med for å få eit vakrare sentrum i Svelgen. Sjølv ville han trekke fram Gunnar Midtbø som eit lysande eksempel på god dugnadsand.

– Monumentet kjem til å vere litt av og på – i motsetnad til Kåre. Har er på heile tida, sa Thomas Øvstedal, før folkemengda samla seg rundt nyvinninga med sprudlevatn også i koppane.