Politikarane i Eid meiner elevane på Bryggja skal få velje mellom å gå på Skavøypoll eller Eid skule. Samstundes held dei på lovnaden om å bidra med 1 million kroner om vågsøypolitikarane vel å vidareføre drifta av Bryggja skule.

Dette er estimert til å koste 5 millionar kroner i 2018 og 2019.

I avtaleteksten heiter det blant anna at «Avtalen tek utgangspunkt i at Vågsøy kommune har gjort vedtak om nedlegging av Bryggja skule frå hausten 2018. Kommunane er innstilt på at foreldra alt for skuleåret 2018/19 kan søke om opptak anten på Skavøypoll skule eller på Stårheim skule for trinna 1 - 7. Dette for at elevar skal sleppe å skifte skule fleire gonger som konsekvens av grensejusteringa.

Vågsøy ber kostnader som er elevrelaterte (undervisningsmateriell) med kr. 7.500 pr elev pr skuleår, skuleskyss og evnt. spes.ped. for elevar som vel Stårheim skule.

Ein nyttar følgjande utrekning for tal lærarstillingar: 1. - 4. klasse: 16/16 = 1. Dvs. ei heil stilling per 16 elevar. 5. - 7. klasse: 21/21= 1. Dvs. ei heil stilling per 21 elevar. Dette utgjer om lag ei lærarstilling. Ei lærarstilling er samla sett kostnadsrekna til kr 700 000,- per år. Vågsøy kommune dekkjer desse utgiftene.»

Vågsøy kommunestyre har sitt neste møte 22. mars.