– Det blir som ein filial på Stadlandet, smiler Calle Magnusson i Ervik Surfshop, som denne veka opna dørene for sesongen.

– Eg var turistvert på turistinformasjonen i Selje i fjor, og noko eg tenkte på då var at det mangla ein filial ute på Stadlandet. Det er ikkje alle turistar som kjem til Selje, men mange reiser direkte til Stadlandet. Det er ein destinasjon, seier Magnusson.

Mange turistar innom

– Saman med Selje kommune og Stiftinga Sankta Sunniva og Stad har eg derfor fått til eit lite samarbeid, og tilbyr same informasjon og brosjyrer i Ervik surfshop. Eg sit jo på kunnskapen, og så er det naturleg når eg driv surfebutikk – det er jo mange turistar innom. I tillegg ligg butikken min på veg til Ervik, så alle reiser jo forbi der.

Forelska seg i Stadlandet

Magnusson kjem frå Halmstad i Sverige, og jobba som journalist og forfattar då han for nokre år sidan kom til Hoddevik. Han blei verande, starta surfebutikk og vil no også vere turistvert frå butikken sin i Ervik. Han står også bak skulesurf, der ungdomsskuleelevar i Selje får lære seg å surfe i skuletida.

– Eg blei verande, og valde livet med gard og surfebutikk på Stadlandet. Eg brenn for denne vakre plassen, smiler han.

Magnusson jobbar også for å promotere Stadlandet som reisemål, og har mellom anna laga videoen under: