– At eg skulle ende i ein slik leiarjobb var ikkje i tankane mine då vi flytta heim. Dottera vår var ein månad gamal og sonen vår nesten fire år då vi flytta. Flyttinga var eit resultat av at vi såg at tida ikkje ville strekke til med to små born og begge i tidkrevjande jobbar i Oslo. Eg vaks sjølv opp i Eid og visste det var ein god stad for born, forklarer Mundal 11 år etter.

Ho viser oss rundt i tidsriktige lokale i Sjøgata der avdelinga for det nasjonale rekneskapsselskapet Accountor nyleg flytta inn.

Les meir om «Likestilt» her.

Er sjef for 18

I september tok Mundal over som leiar med personalansvar for 18 tilsette i Eid, Måløy, Selje og på Bryggja.

– Eg trudde ikkje eg kunne få spennande jobbar då eg flytta heim. Men det viste seg at det finst mange utfordrande arbeidsoppgåver her i distriktet berre ein ser etter.

– Marius fekk jobb i Normatic, då bestemte vi oss for å flytte tilbake. Sjølv tenkte eg at eg fekk vente og sjå, så ordnar det seg nok om eg har ei offensiv innstilling.

Monica L. Mundal vart nyleg sjef for Accountor med 18 tilsette i Eid, Måløy, Selje og på Bryggja.

Og det gjorde det. Etter ti år i Vestavind Kraft der ho kom frå ei stilling som økonomisjef, fekk ho tillit då Accountor, tidlegare SpaNo, skulle ha ny leiar.

– Handlar meir om type

– Eg vel å tru at eg vart tilsett på grunn av kvalitetane mine, ikkje fordi eg er kvinne. Eg trur det handlar meir om kva type du er enn om kjønn. Om personlegdom og korleis du er som leiar og utviklar. Eg erstattar ein mannleg leiar. Arbeidsmiljøet her er om lag 50-50 menn og kvinner. Men stillingar vi har lyst ut nyleg viser ei overvekt av kvinnelege søkjarar. Det kan tyde på at vi er i ferd med å bli ein bransje med kvinnedominans. Det er noko vi må vere merksam på, for eg har tru på likevekt for å skape gode arbeidsmiljø.

– Det som er bra er at eg kjem tettare på kundane våre. Det er i heimbygda mi, og eg bryr meg om kundane og staden.

Leia bankfilial som 28-åring

Etter å ha jobba eitt år i bank på Eid etter vidaregåande, drog ho til Kristiansand og utdanna seg til siviløkonom. Seinare har ho teke master i leiing og finans på BI i Oslo. Utdanninga og erfaringane frå storbyane ville ho ikkje vore forutan.

– Eg vart leiar for ein filial av det som i dag er Danske Bank, på Økern. Eg var 28 år og hadde ansvar for åtte-ni tilsette. Det var fullt køyr. Men eg var uredd og full av engasjement. Utdanning gjer at du har større valmuligheiter.

Ho ser at det kan vere vanskeleg for par med jobb å bryte opp frå ein by og flytte til heimlege trakter. Sjølv har ho berre gode erfaringar.

Tek tak i omstilling

Automatisering er i ferd med å gjere sitt inntog i rekneskapsbransjen.

Monica L. Mundal seier ho gler seg til gå laus på omstillinga.

Avdelinga med kontor i Eid, Selje, Måløy og på Bryggja er i dag eit aksjeselskap som er heileigd av Accountor nasjonalt.

– Vi er ei stor verksemd med 80 kontor på landsbasis. Vi har eit stort apparat i ryggen. I dag leverer vi rekneskapsteneste, rådgjeving til selskap og private, vi tek oppdrag i samband med fusjonar, moms, etablering og avvikling. Vi må vere budde på at marknaden kan forskyve seg slik at vi truleg i framtida skal drive meir med kontroll- og rådgjevingstenester. Vi vil hjelpe kundane til å bruke system som gjer drifta meir effektiv.

Det er Moengården Vest som eig lokala der Accountor no har flytta inn.

– Det er 500 totalrenoverte kvadratmeter. AH Bygg Sogndal har gjort jobben. Andre sentrale leverandørar har vore Caverion og Skår VVS, fortel prosjektleiar Ivar Bjarte Nord i Nordplan.