– Planen er å ta Silda i løpet av ein tre-fire vekers periode til sommaren i år. Øya Vågsøy håpar vi å få ta i løpet av om lag tre månadar i 2019, forklarar leiar Anders Gunnar Helle i Ung Botaniker Sogndal.

Han fortel at sitkagrana spreier seg raskt og at dette er eit veldig stort problem, spesielt i kystnære område, og viser til Frøya i Trøndelag.

Møter positive grunneigarar

Årsaka til at botanikerforeininga har retta fokus mot Vågsøy grunnar i ungdomsforeininga sitt ønskje om å gjere noko bra for naturen og miljøet.

– Det byrja med at vi fann ut at det var mykje sitkagran ved Skongenes fyr. Vi hadde møte med grunneigarane, som var positive til prosjektet, og ei handfull personar kom frå Sogndal for å fjerne sitkagran, forklarar leiar Helle, som understrekar at grana er svært utbreidd fleire stader i kommunen, spesielt i Holvik og Vågsvåg, men også på Raudeberg, i Vedvik og på Kvalheim.

– Vi har hatt infomøte i Vedvik og på Silda, og vi har prata med folk i Vågsvåg, Torskangerpollen og nokre på Raudeberg. Alle har vore positive. Vi oppmodar grunneigarane om å ta imot tilbodet om fjerning av sitkagran på deira eigedom, men det er sjølvsagt dei som har råderett over eigen grunn og det siste ordet, understrekar han.

Trur på storstilt dugnad

– På dugnadane Norsk Botanisk Forening har arrangert tidlegare, som har vore på mindre øyer, har det møtt opp om lag 30 personar, alt etter storleiken på prosjektet og øyene. Men på eit så gigantisk prosjekt som fjerning av sitkagran på heile øya vil vi prøve å få med rundt 100 menneske. Det blir i så tilfelle den største dugnaden vi har hatt, seier han.

– Og når vi er i gang med Vågsøy har ein gode moglegheiter for å lage Norges største jonsokbål på Norges finaste strand, Refviksanden, smiler han.

Leiaren i Ung Botaniker Sogndal ser fleire fordelar med å få fjerna sitkagrana.

– Vi håpar fjerninga kan bidra til betre utsikt og at ein får tilbake gamle stiar og på den måten får auka friluftsliv og reiseliv.

Helle har også ein ide til korleis ein skal klare å halde treslaget borte frå kommunen.

– Det vil vere aktuelt å sette ut beitedyr som tar ungtrea før dei blir store. På den måten går det lengre mellom kvar gong ein må gjennomføre oppfølgingstiltak. Men dette er sjølvsagt opp til grunneigarane, slår han fast.