– Å vinne mot Lothepus og super-nynorsking Linda Eide skal no litt til - men må vere så ærleg å seie at det er stor stas å bli nominert til ei slik kåring! Å bli sett, verdsett og satsa på uansett kvar i landet du bur - det burde vere sjølvsagt. Men som ordførar i ei distrikts-kommune i snart sju år, veit eg at det ikkje er slik i praksis, skriv ordføraren på si Facebook-side.

Han fortset med å seie at dette er ein kamp han brukar veldig mykje tid på å få elles kloke hvoud i hovudstaden med mykje makt til å forstå.

– Vi som har valt å leve livet vårt i distrikts-Noreg vil ikkje vere kakepynt og glasur. Vi vil vere med å skape framtida på ordentleg. Då må staten og Oslo-makta vere villig til å satse på oss og ta oss på alvor - ikkje berre klappe oss på hovudet og halde oss med fint prat. Så køyr på - måtte den beste vinne, Lothepus!

Det er avisa Nationen som står bak kåringa. Dette er det fjortande året avisa kårar årets bygdeprofil. Årets bygdeprofil skal ha profilert Bygde-Norge på ein positiv måte.

Etter innspel frå lesarane, har ein jury plukka ut åtte kandidatar som utmerka seg positivt i 2017. Eid-ordføraren er blant desse åtte.

Bjørlo er nominert saman med Halvor Sveen (bonde, lokalpolitikar og vinnar av Farmen 2017), Håkon Marius Kvæken (bonde og skravlekopp), Maria Monasdatter Almli (gründer, bygdeutviklingforsker og friluftsentusiast),Nina og Øystein Rudi (vertskap på Rudi Gard), Linda Eide (forfattar og journalist), Leif Einar Lote «Lothepus» (TV-kjendis, entreprenør og songar), Margit Dale (bonde kulturarvformidlar, sjukepleiar og lokalpolitikar).

– Blant årets kandidatar finn vi to Farmen-deltakarar: Halvor Sveen gjekk heilt til topps i original-versjonen, mens Leif Einar Lothe – betre kjent som Lothepus – vann Farmen Kjendis. Dei nominerte er elles ei blanding av lokalpolitikarar, ein forskar, ulike kulturpersonlegdomar, og eit par som gjer det godt innan servicenæringa, skriv Nationen om dei nominerte.

På lista over tidlegare vinnarar finn vi blant anna Odd Nordstoga, Dansekompaniet Frikar, Therese Johaug, Oddgeir Bruaset og Yasmin Syed.