Brannvesenet i Vågsøy har vore på ei runde for å sjekke at det ikkje er noko som brenn.

– Vi har vore ute og sjekka, og det er ingenting som brenn her med oss, opplyser brannsjef Kim Hjelle.

Heller ikkje alarmsentralen har fått melding om hendingar i området.

– Vi har fått melding om at brannvesenet i Vågsøy er ute og sjekkar om det er noko, men andre meldingar har vi ikkje motteke, opplyser dei.

Olav Jarl Frøyen i Kalvåg kan opplyse om at dei driv med bråtebrenning i fjella over Kalvåg for å ta vare på kystlynghei. Dette prosjektet får dei statleg støtte til.

– I går var vi nærare sentrum av Kalvåg. I dag arbeider vi lenger ut på den sørvestre delen av øya, opplyser han.

Frøyen understrekar at dei har full kontroll.

– I går var vi tolv mann. I dag er vi litt færre, men vi har brannmannskap, som er kjende med arbeidet, i bakhand. Planen er å brenne opp til dei når snøen. Akkurat kor tid dei gjer det er vanskeleg å seie.