– Det var nok venta. Vi har ei arv vi ber med oss som har vore utfordrande. Spesielt den økonomiske biten har vore vanskeleg. Vi har tidlegare hatt eit politisk klima som har vore utfordrande og vi har ikkje klart å kome på offensiven. I tillegg har det vore ein brest i tilliten mellom politikk og administrasjon, seier Stein Robert Osdal (KrF).

Ligg under landssnittet

Spørjeundersøkinga er ein del av lokaldemokratiundersøkinga frå KS som er gjennomført i Selje og Eid. Her har 213 innbyggarar i Selje og 326 innbyggarar i Eid svar på 14 spørsmål om påliteleg, ansvarleg, borgarnært og effektivt styre, samt fornying og inkludering.

Til dømes meiner 64,3 prosent av innbyggjarane som vart spurt i undersøkinga at dei økonomiske ressursane ikkje blir forvalta på ein forsvarleg måte i Selje. Vidare meiner 54,5 prosent av dei spurte i Selje at dei ikkje er fornøgde med kommunen sitt tenestetilbod til innbyggjarane.

– Det å snu ein trend tar tid. Med tanke på ballasten vi har med oss, så skjønar eg at innbyggarane i Selje har mindre tillit enn i andre kommunar. På 90-talet hadde vi ei opprivande skulestrid, og den knekken Selje hadde på 90-talet med nedgangskonjunkturar som heldt fram på 2000-talet har nok spelt inn. I tillegg har vi hatt ei nord-sør konflikt som nok har gjort sitt, seier ordføraren.

Ser framover

Lokaldemokratiundersøkinga vart gjennomført før jul, og politikarane og administrasjonen vart gjort kjende med resultatet tidlegare i vinter. Stein Robert Osdal peikar på at det no handlar om framtida

– Vi har auka investeringstakta vår med vedlikehald av bygg og anlegg. Samstundes har vi starta reguleringsplanprosessar til nærings- og industriareal. Vi arbeider for å få fleire gjennomgangsbustadar og vi jobbar knallhardt for å få full barnehagedekning, slik vi er forplikta til etter lovverket.

Store skilnadar i Stad

I motsetnad til Selje gir dei spurde innbyggjarane i Eid ei meir positiv vurdering på alle spørsmåla enn landssnittet. Dette betyr at det er eit stort gap mellom kommunane som 1.1.2020 skal slå seg saman til Stad kommune.

– Det er på ein måte greitt at det blir så tydeleg. Då skjøner vi at vi må gjere noko grunnleggande med måten å arbeide på i den nye kommunen.(...) Vi må forstå kva måte det er tenleg å arbeide på for at folk skal kome nær politikarane, og føle at dei kan engasjere seg, bli høyrt, sett og har innflytelse. Her må ein jobbe både politisk og administrativ for at innbyggarane skal oppleve tillit og innflytelse, seier prosjektrådmann Åslaug Krogsæter i Stad kommune.

– Eg tenkjer at vi må halde fram med den vedtatte strategien vår som vi har hatt dei siste åra i Selje. Resultat skapar entusiasme. Så skal det seiast at vi haustar mykje erfaring og kompetanse frå Eid. Dette gjer at vi kjem oss mykje lenger fram enn om vi hadde stått aleine, seier Osdal, og held fram:

– Det handlar om å sjå framover. Sjølvsagt må vi sjå oss litt i spegelen, men vi skal bygge nytt. Vi må vere litt visjonære til korleis vi ønskjer og drøymer om at framtida skal bli.

Vil betre forholda med Eid-erfaring

Kristine Dahl vart tilsett som rådmann i Selje i februar. Ho ønskjer å bruke erfaringane frå Eid i arbeidet med å betre informasjonsflyten.

I lokaldemokratiundersøkinga kom det fram at rundt 50 prosent av dei folkevalde i Selje meiner der ikkje er klare ansvarsliner mellom politikk og administrasjon, og rundt 60 prosent meiner dei folkevalde sin kontroll med administrasjonen si iverksetting av vedtak ikkje er tilfredsstillande.

– Det er noko som kan betre informasjonen ut til politikarane, som igjen kan betre informasjonsflyten til folket, seier rådmannen, som har god tru på at ein kan tette gapet opp til Eid i undersøkinga.