– Helse Førde brukar som grunngjeving for framlegget at «mykje ambulanseressursar blir brukt til å transportere pasientar mellom sjukehus». Vi vil påpeike at dette er ei direkte følgje av ein medviten politikk frå Helse Førde si side om å sentralisere fleire helsetenester som tidlegare vart gjevne på lokalsjukehusa. Når desse sentraliseringsgrepa vart gjort, var ein del av Helse Førde sin bodskap at dette skulle kompenserast med betre prehospitale tenester og sterk satsing på ambulansetenesta, heiter det i fråsegnene frå kommunane.

– Vi krev at Helse Førde held oppe omfanget på ambulanseberedskapen, eventuelt flytter fleire tenester attende til lokalsjukehusa slik at det blir mindre behov for ambulanse til transport av pasientar mellom sjukehus. Vi opplever at vi no balanserer på grensa av å ha ein forsvarleg samla ambulanseberedskap i Nordfjord – og at dette mellom anna fører til eit stadig auka press på vår primærhelseteneste og legetenesta i Nordfjord, skriv dei.

Vågsøy har varsla at dei også vil sende ei fråsegn til Helse Førde om ambulanseberedskapen i Nordfjord.