– Felles for alle vi møtte var at alle var positive til å gje. Mange stod klare med kontantar då dei opna døra. I mange tilfelle fekk vi ikkje sagt ferdig bodskapen vår før folk var klare for å gi. Det er utruleg kjekt at vi møter så mykje positivitet når vi bestemmer oss for å bidra til noko så fint, seier aksjonsleiar ved Måløy vidaregåande skule Shato Shwana Raoof, og legg til:

– Og så slo vi akkurat innsamlingsrekorden som vart sett av fjorårets russekull.

Det var 45 elevar som bidrog til aksjonen i Vågsøy, samt nokre i Selje og på Flatraket.

Eidarussen 2018 samla som nemnt inn 92.155 kroner.

– Vi er stolte over å ha samla inn så mykje til ei så viktig sak. Vi greidde å samle inn meir enn russen i fjor, men det viktigaste er at vi har hjelpt Kreftforeninga med deira arbeid, aksjonsleiar Kaisa Englund Espe ved Eid vidaregåande skule.