– Vi har fått fleire meldingar om dørseljarar i området Selje, Leikanger, Åheim og vidare innover fjorden. Dei har vore inne på ulike eldresenter og vore vel pågåande. Dette skjedde fredag og laurdag, forklarar Morten Hagen ved Vågsøy lensmannskontor.

– Søndag fekk vi melding om at ein av dei som har fått besøk i Selje har blitt fråstole gjenstandar. Politiet har ikkje motteke melding, men det reknar vi kjem i løpet av måndagen, seier Hagen til Fjordenes Tidende.

Frå Aust-Europa

Hagen fortel vidare at dei var i kontakt med ein av dørseljarane fredag.

– Vi var ute og fann ein av dei som hadde vore rundt på eldresentera. Vi fekk snakka med denne personen og registrert kven dette var. Men dette var før vi visste at noko hadde blitt stole, understrekar han.

– Vi jobbar for å prøve å finne ut kvar dei tre oppheld seg no, slår han fast.

Ber folk vere bevisste

Dei tre personane har oppsøkt eldresenter, og Hagen oppmodar folk om ikkje å sleppe dørseljarar inn i huset sitt.

– Eg tenkjer at det ikkje er naudsynt å sleppe inn dørseljarar. Desse tre personane har vore på eldresenter i Selje, Leikanger og Åheim og gått direkte på eldre, som kanskje har vanskelegare for å seie nei. Dei sel bilete, og det er mange som har kjøpt, seier politimannen

Han oppmodar alle om å vere observante og bevisste.

– Det er ikkje slik at alle dørseljarar er kjeltringar, men nokre av dei nyttar moglegheita til å ta med seg ting om ein slepp dei inn i huset. Det må vi vere bevisste på, understrekar Hagen.