Politiet meldte om hendinga rundt klokka 01.30 i natt.

Personen som meldte frå om hendinga til politiet var føraren av brøytebilen. Det vart skader både på plogen og bilen som stod parkert.

Ingen personar kom til skade i hendinga og uhellet førte ikkje til hindringar for trafikken.

Politiet opplyser vidare at saka blir ordna opp mellom partane i ettertid.