Denne leiarartikkelen stod på trykk i Fjordenes Tidende tysdag 20.mars.

Ein statsråd skal ikkje mane til politisk krig

Kven hadde trudd at den første regjeringskrisa skulle kome etter 12 ord på sosiale medium og ikkje krangel om politiske og økonomiske prioriteringar?

Bråket starta etter at Sylvi Listhaug (Frp) publiserte eit bilete på Facebook av maskerte menn med våpen og med følgjande tekst: «Ap mener terroristenes rettigheter er viktigere enn nasjonens sikkerhet. Lik og del.» Dette var eit klart ideologisk angrep på det største opposisjonspartiet utanfor regjeringa. Arbeidarpartiet kopla ytringa til terrorangrepet mot AUF sin sommarleir 22. juli 2011. Først etter fem dagar, og etter at ho vart pressa til å be Stortinget om orsaking, sletta ho innlegget.

Det er mange som er einige med Listhaug i hennar syn på innvandring. Men her er det eit problem at det er statsråden som har ansvaret for tryggleiken til alle i Norge som påstår at Ap er meir oppteken av rettane til terroristar enn tryggleiken til nasjonen. Det hadde ikkje blitt same bråket om ein vanleg politikar hadde ytra dette.

Innvandring er sjølvsagt ei viktig sak som vi må kunne tole å debattere. Men slik dette utvikla seg så vart debatten spora inn på Listhaug som person og hennar svært så sentrale posisjon.

I Stortinget bad Listhaug dei ho hadde såra om årsaking. Ho beklaga ikkje påstanden, ergo så meiner ho dette. Det er forklaringa på at dette enda med ein debatt om tiltru til justisministeren og ikkje korleis vi skal løyse utfordringa rundt innvandring.

Listhaug er også alle Ap-medlemmer sin justisminister. Ein statsråd er avhengig av at alle kan stole på at han eller ho jobbar til beste for alle. Ein statsråd skal jobbe for å samle og trygge landet, og ikkje mane til politisk krig.

I staden for å angripe Ap, så burde Listhaug vere oppteken av korleis ho vil løyse utfordringa både med innvandring og terrorisme.