Svelgen Opp og Fram har oppgradert fontena utanfor Samfunnshuset. Dugnadstimane har vore mange og estimert til 800.000 kroner utanom dei reine investeringane.

Kåre Myklebust fekk ståande applaus for alt han har bidrege med for å få eit vakrare sentrum i Svelgen. Sjølv ville han trekke fram Gunnar Midtbø som eit lysande eksempel på god dugnadsand.

– Monumentet kjem til å vere litt av og på i motsetnad til Kåre. Han er på heile tida, sa Thomas Øvstedal før folkemengda samla seg rundt nyvinninga med sprudlevatn også i koppane.

Svelgen Opp og Fram jobbar dugnad gjennom heile året for heimbygda. Dei pyntar til jul og plantar til sommaren med gåver som einaste inntektskjelde. Både Sparebanken Sogn og Fjordane og Sparebanken Vest har konsernsjefar frå Svelgen – høvesvis Trond Teigene og Jan Erik Kjerpseth. Begge bankane vart nemnde som gode gjevarar. Også næringslivet har bidrege samt at det har kome inn 40.000 ved kronerulling.