– Vi er på langt nær negative nettopp fordi ting fungerer her ute. Om ein ser på dei siste åra har vi investert 40–50 millionar på å bygge ut Westmek, nye kontor på Stad og Furebuda. I tillegg har vi nettopp fått levert to nye båtar til 170 millionar kvar. I tillegg skal vi bygge fleire, seier konserndirektøren.

Men for at selskapa i ytterkantane av nye Stad kommune skal lukkast meiner Ervik det er to faktorar som må vere på plass frå kommunen si side.

– Det er to ting vi klagar på, og det er kommunikasjonen, og då tenker eg på vegane. Åsheimstranda må bli betre, men det går eg ut ifrå det er ein plan på. Og så må vi ha skikkeleg breiband. Elles er vi godt fornøgde, slår han fast, og fortset:

– Det har strengt ikkje så mykje å seie om ein er del av Selje eller Selje og Eid for vår del, men eg såg gjerne at Vågsøy hadde vore med i denne konstellasjonen. Vi jobbar mykje mot Måløy, og det er hamna der båtane våre er registrert.

Trur på vekst

Det er Olav Hjelle, tidlegare regionbanksjef i Sparebanken Vest, som har utarbeidd næringsanalysen på oppdrag frå leiinga i Stad 2020. Hjelle har blant anna intervjua 41 næringslivsleiarar i Eid og Selje kommunar i perioden januar til mars 2018. Desse bedriftsleiarane representerer om lag 56 prosent av alle tilsette i privat sektor i Selje og Eid.

Olav Hjelle har gjennomført næringslivsanalysen på oppdrag frå Stad2020. Han konkluderer med at næringslivet i Eid og Selje har god framtidstru.

– Eg opplever dei som veldig positive både i forhold til å skape nye arbeidsplassar, vekst i omsetnad og investeringar, samanfattar Hjelle.

Bedriftsleiarane samla uttaler at dei skal skape netto auke på 146 nye arbeidsplassar dei neste tre åra. I tillegg kjem veksten i dei bedriftene som ikkje er intervjua. Bedriftene ser også føre seg at dei skal auke omsetnaden med 700 millionar kroner i same tidsperiode. Desse bedriftene samla omset i dag for 3,6 milliardar.

– Næringslivet tenkjer ikkje så mykje på grenser. Dei samarbeider på tvers av heile Nordfjord, men det er tida vi er inne i. Vi har eit veldig framoverlent næringsliv som har potensial for vekst og utvikling. Vi har dei rette næringane, og då tenker eg på dei grøne næringane med fornybar energi, elektro, automasjon og varmegjenvinning. I tillegg har vi alt som går på dei blå næringane med havrommet, fiskeri og leverandørindustrien knytt til havrommet. Når det er gode tider i fiskeri smittar det over på dei som er underleverandørar til næringa.

– Kommunen må legge til rette

Hjelle er i likskap med konserndirektøren i Ervik Havfiske klar på at kommunen har ei viktig oppgåve i å legge til rette for vekst i det lokale næringslivet.

– Det dei lokale bedriftsleiarane peikar på er først og fremst god infrastruktur. I tillegg vektlegg mange av dei gode bumiljø. Det skal vere ledige barnehageplassar, gode skular, fritidstilbod, ledige leilegheiter og tomter. I tillegg må kommunane legge til rette for næringsareal.

I si næringsanalyse har Hjelle lista opp fleire strategiske suksessfaktorar som han meiner det er viktig at dagens Eid og Selje og framtidige Stad kommune fokuserer på. Desse er rekruttering av ny og kritisk kompetanse, etablere regional kompetanseklynge på teknologi, utvikle den internasjonale fiskeriklynga på Stad, synergiar av Stad skipstunnel og omdømebygging.

– Dette er berre nokre av dei faktorane som er viktig at kommunane jobbar vidare med, slår Hjelle fast.