– Prosjektet om helsesenteret på Hauge skal opp i kommunestyret, og i planene ligg sentralisering helsetenestene til Svelgen og ta legekontor, helsestasjon og fysioterapeut vekk frå ytre Bremanger og flytte dei til Svelgen. Det er veldig dårlig, ikkje minst med tanke på reisetid og eldre folk som ikkje kjem seg til helsesenteret. Det er mange argument, seier Judith Baaijens, initiativtakar til underskriftsaksjonen.

– Fram til no har eg 320 underskrifter berre på butikken her, så eg tippar det blir over 500 totalt, seier Baaijens.

– Det vart ein spontan aksjon dette, men alle er rysta over dette som eventuelt kan skje. Bremanger kommune ønskjer å vere ein attraktiv tilflyttarkommune, men så snakkar ein også om sentralisering av viktige tenester. Det rimar ikkje, seier Baaijens.

– Og så var det fantastisk at eg fekk gode hjelparar som stilte opp på kort varsel.