– Spesielt viss eg er på besøk med nokon så kan eg bli sitjande og gruble litt på når den koppen eller fatet vart laga, og korleis det såg ut på bordet elles i den perioden, seier Ane-Mathea Alfredsen Førde frå Bremanger.

Saman med dei åtte medelevane i klassa på Eid vidaregåande er ho i innspurten på å lage klar si første museumsutstilling. Den handlar om borddekking gjennom tidene. Dette er eit tema elevane sjølve valde å sjå nærare på. Utstillinga opnar onsdag 21. mars, og er eit samarbeid med Nordfjord Folkemuseum.

– Det var kjekt å kikke på det museet har i magasina sine. Då fekk vi inspirasjon og idear til korleis vi kunne løyse denne oppgåva. Og så er det ekstra kjekt å lage noko på ekte og ikkje berre late som vi lagar ei utstilling, som kanskje berre vi og nokre få andre får sjå, seier Ingrid Alpen.

Det er tredje gong interiørlinja og museet samarbeider om ei utstilling. For elevane er det ein sjanse til å få prøve seg i yrket som utstillingsdesignar, men også museet tek med seg gode erfaringar.

Samarbeidet mellom skulen og museet har blitt utvida for kvar utstilling. For museet er det også ei målsetjing å nå ut til fleire og nye målgrupper med utstillingane, og samarbeidet med Eid vidaregåande skule er eit ledd i dette. Museet håpar elevane får auga opp for at museum kan vere aktuelle og interessante arbeidsplassar med tida.