– Lekser er unødvendig, urettferdig og stel ungdoms fritid. Unødvendig fordi det har lita eller inga læringseffekt. For dei som er dårlegast på skule er leksetvangen til og med øydeleggande. Lekser er urettferdig fordi karakterar går i arv når foreldra må fungere som hjelpelærarar. Og lekser stel ungdoms fritid, tid dei kunne brukt på hobbyar, fysisk aktivitet og andre ting, heiter det i ein interpellasjon som Raudt i Vågsøy har sendt inn torsdagens kommunestyremøte.

Paritet peikar vidare på at læring skjer heile tida, men skule passar best på skule. Dei viser til Digermulen skule i Nordland der dei no har hatt leksefri i 18 år, og der resultata er langt over gjennomsnittet i fylket og Norge.

Raudt foreslår at Vågsøy kommune startar eit prøveprosjekt om leksefri på ein eller fleire av skulane i kommunen.

– Det er naturleg at Oppvekst og kulturutvalet vel ut skule/skulane og tidsrom for prøveprosjektet. Eit slikt prøveprosjekt bør og inkludere at det først går ut på høyring hos FAU, elevane og lærarane, avsluttar Raudt.