Det skriv Sogn og Fjordane Røde Kors Hjelpekorps i ei pressemelding.

Det er varierande snømengder i fylket, men det har vore stabil, kald vinter lenge, og no har det mildna over alt. Det får konsekvensar for forholda i fjellet.

– Det tilseier at vi får auka skredfare. Då må folk som skal til fjells følgje meir med på det som gjeld av varsling i dei områda ein vil på tur, seier Geir Ove Optun, fagleiar skred i Sogn og Fjordane Røde Kors.

Spesielt nyttig er skredvarslingsstaden Varsom og regObs. Den første melder generelt om skredfare, medan den andre syner mellom anna kvar i terrenget skreda kan gå. Begge kan lastast ned som app til telefonen.

Det viktigaste du kan gjere før du går på tur, er å planlegge godt, vere budd på det som kan møte deg.

Guide til god turplanlegging finn på i Fjellvettreglane.

– Det er grunnlaget for å ha med deg det du treng, og for å vere mentalt klar på kva du skal gjere. Skal du til fjells, må du pakke deretter. Skal du inn i skredfarleg terreng, bør du pakke sendar-mottakar. Spade og søkestang bør med. Og kart og kompass, seier han.

I tillegg er dei fleste smarttelefonar utrusta med GPS, men utan eit nedlasta kart for området du er i, vil den vere lite nyttig om du er utanfor dekningsområdet.

Det er sjølvsagt viktig å følgje med på kvar ein er. Om uhellet er ute må du først sikre deg sjølv best mogeleg der og då. Skaffe deg ly til dømes med ein nødbuviakk eller vindpose, eller grave deg ned. Ein må ta vare på den varmen ein har, medan ein ventar på eventuell hjelp.

Røde Kors Hjelpekorps har som vanleg beredskap i påska, men treng du hjelp, er det 112 og Politiet du skal ringe.