– Det må snart skje noko med denne strekninga. Det er ikkje sjeldan det står dårleg skodde vogntog på begge sider av tunnelen. Det skapar også store trafikale problem vinterstid, seier bussjåfør Silje Myren.

Silje Myren har 18 år med erfaring som bussjåfør. Onsdag rygga ho den 15 meter lange bussen hennar gjennom Magnhildskarstunnelen.

Onsdag ettermiddag var ho ein av dei fyrste som kom fram til staden kor det hadde gått eit snøras – like nord for Magnhildskartunnelen. Myren køyrer pendlarruta mellom Svelgen og Florø og til vanleg er skuleelevane frå den vidaregåande skulen i Florø med. Onsdag slutta derimot skulen tidlegare og Myren hadde berre to passasjerar i bussen då ho vart stoppa av snøraset.

Framfor henne køyrde ein brannbil rett inn i raset, medan fire personbilar klarte å snu og køyre tilbake. Silje Myren hadde derimot ikkje moglegheit til å snu bussen og ho måtte derfor rygge dei tre kilometerane tilbake til Grytadalen på sørsida av tunnelen.

– Eg snakka med ein annan sjåfør, Rune Eldevik, og han fortalde at han måtte rygge gjennom tunnelen i 1995. Vi kom fram til at det ikkje har skjedd så mykje korkje med vegen eller tunnelen på desse 23 åra, seier Myren.

Ho fortel at etter ryggoperasjonen køyrde ho til Florø, tok båt til Villevika og buss derfrå og heim til Svelgen.

– Er det nervepirrande å køyre Magnhildskaret nesten kvar dag vinterstid?

– Nei, eg tenker ikkje på det, svarar ho kontant.

Ho har heller aldri merka om passasjerane er utrygge gjennom det rasfarlege partiet.

– Det snakkar vi aldri om.

Silje Myren er klar i synet på at man bør prioritere å utbetre Magnhildskaret framfor ei utbetring av vegen mellom Svelgen og Indrehus. Per i dag ligg det an til at strekninga mellom Svelgen og Indrehus er den som fylkespolitikarane fyrst vil utbetre.

Statens vegvesen fekk melding om snøraset på nordsida av Magnhildskartunnelen i halv fem-tida onsdag. Ifølge NRK var raset 15 meter breitt og 1,5 meter høgt. Vegen vart rydda torsdag morgon og då gjenopna for trafikk.