– No må vi prøve å manøvrere oss ut av, lat oss kalle det uføret. I mi verd har eg ikkje lagt ned helsestasjonen, sa Espen Sortevik (Ap) i starten av møtet, og nemde at han var ein av dei som sat med oppfatninga at alle prosjekta i forstudien om framtidig helsestruktur, skulle komme tilbake til kommunestyret som eigne saker.

To nye punkt

Etter fleire gruppemøte og diskusjon om dei to sentrale punkta som har ført til diskusjon og uro etter kommunestyremøtet i juni i fjor, nemleg – samlokalisering av helsestasjonane i Svelgen (punkt 8), og samlokalisering av helstestasjon, jordmor og legeteneste i kommunen (punkt 13), stemte dette kommunestyret til slutt for H, Sp, Sv og KrF sitt framlegg (12 røyster) mot Ap sitt framlegg som fekk 11 røyster.

Begge framlegga tok ut punkt 8 og 13, men H, Sp, Sv og KrF sitt framlegg hadde også følgjande punkt:

«3. Helsetenesta, helsesøster og legekontor, skal framleis vere desentralisert med kontor i ytre og indre. Arbeidet med effektivisering, organisering og samarbeid mellom stasjonane må utviklast i det videre prosjektarbeidet.

4. Prosjektgruppa utvidast med eitt medlem. Det gis mandat til Formannskapet til å velje nye medlemmer med vara.»

Diskusjonen gjekk lenge rundt punkt nummer 3, der ein i realiteten likevel lar det stå igjen ein moglegheit for å diskutere framtidig organisering av helsetenestene i det vidare prosjektarbeidet.

– Om vi ikkje torer å ta grep, sjå på legane og deira organisering, så gjer vi ikkje jobben vår, sa Per Røys (H), som likevel meinte at ein skaffa ro i debatten om helsetenester i indre og ytre med dette vedtaket.

Gav seg som prosjektansvarleg

Per Røys foreslo også å inkludere Elisabeth Hatlenes (H) som leiar i styringsgruppa, der det no skal veljast nye medlemmar.

– Det er å betrakte som mistillit til dei som har vore i gruppa, meinte Sortevik då forslaget kom opp først.

– Saka har vore uryddig, og det har prosjektansvarleg bidratt til, sa Per Røys.

Ann Irene Gulestøl (H) presiserte at det ikkje har vore snakk om mistillit. Prosjektansvarleg Åge Senneset (V) stilte likevel sin plass til disposisjon:

– Dette er ei sak eg har brukt mykje tid på, og eg ber om at vi ikkje treng å utvide gruppa med politikarar. Eg stiller min plass til disposisjon, sa Senneset frå talarstolen, som til slutt trekte seg som prosjektansvarleg.

– Eg er veldig fornøgd med at vi klarte å bevare helsestasjonen i ytre, seier Senneset til Fjordenes Tidende etter møtet.

632 underskrifter

Torsdag før kommunestyremøtet, overleverte Merete Langeland 632 underskrifter til ordførar Audun Åge Røys (H) før møtet starta. Det var Judith Baaijens som måndag starta aksjonen, der ein har hatt ute lister i butikkane i ytre Bremanger.

– Eg er glad for engasjementet. Det er viktig at folk er vakne, seier ordføraren, som først orienterte kommunestyret om underskriftene før Nina Grotle (Ap) hadde etterlyst dei i møtet.

Rådmann og kommunalsjef starta møtet med å orienterte om kor langt dei ulike delprosjekta var kome, før politikarane tok opp mistydingar om prosjekthandboka. Prosjektansvarleg fram til møtet torsdag, Åge Senneset (V) beklaga at arbeidet med prosjekta var stoppa opp. Rådmann Tom Joensen lovde gjennomgang og kurs om prosjekthandboka i neste møte.