Merete Langeland frå Kalvåg overleverte torsdag 632 underskrifter frå ein spontan underskriftsaksjon som starta måndag.

Det var Judith Baaijens som måndag starta underskriftsaksjonen for å bevare helsetenestene i ytre Bremanger. Saka om framtida til helsetenestene i Bremanger skal behandlast i kommunestyret i dag torsdag.

- Eg bur i Kalvåg og eg er imot å flytte på funksjonar. Det er ikkje gode bussforbindelser og i akutte situasjonar så er det ikkje enkelt å komme seg fram, seier Merete Langeland.

Torsdag morgon fekk ordføraren i Bremanger, Audun Åge Røys (H), levert underskriftene.

- Eg er glad for engasjementet. Det er viktig at folk er vakne, seier Røys.

Kommunestyremøtet starta klokka ni i dag tidleg.