Eid bondelag og Eid Fjordhestlag skal stille med kjekke aktivitetar for små og store.

– Vi skal lage til eit lite gardsbruk i miniatyr med dyr og høyhopping. Vi får med oss geiter og kanskje ei ku, fortel leiar Knut Tore Nes Hjelle i Eid bondelag.

I tillegg stiller Eid Fjordhestlag med hestar, og planen er å få til køyring med vogn.

– Vi skal også ha ein del leikar som folk nok kjenner att frå TV-programmet Farmen. Det blir melkespannhalding og øksekast, med ei heilt ny kasteøks som bondelaget har kjøpt inn, smiler Hjelle, og fortset:

– Arrangementet er ope for alle, og vi håpar mange tar turen. I tillegg til at det blir mykje moro å gjere på, skal vi ha fokus på kvar maten vi et kjem frå. Difor skal vi servere pannekaker med lokale råvarer. forklarar Hjelle.

Samstundes med gardsmoroa blir filmen Brillebjørn på bondegarden vist på Eid kino. Eid bibliotek har også ei utstilling med bøker som handlar om gard og dyr.