– Sånn det har utvikla seg har det blitt fokus på han som har vore prosjektansvarleg i forstudien og forprosjektet, sa Åge Senneset (V) i kommunestyremøtet torsdag, og stilte med det sin plass som leiar av styringsgruppa til disposisjon.

– I brevet de sendte skriv de at kommunestyret gjorde vedtak. Om du har ombestemt deg no, så er det greitt. Det er i tråd med det eg har oppfatta også. At det har vore mistydingar her, er det ikkje tvil om, sa ordførar Audun Åge Røys.

Per Røys foreslo Elisabeth Hatlenes som ny prosjektansvarleg i eit framlegg til vedtak han seinare trekte. Espen Sortevik (Ap) kalla det mistillit mot sittande styringsgruppe og partifelle Irene Storøy tok Senneset i forsvar:

– Prosjektansvarleg prøvde i forkant av sist møte å få saka opp på ny. Då hadde vi unngått mykje støy i vekene som no har vore. Og det ikkje berre Senneset som har vore uklar i denne saka, sa Storøy.

Saman med Elisabeth Hatlenes (H) i den nye styringsgruppa sit no Anne Kristin Førde (Ap) med Espen Sortevik (Ap) som vara, og Nina Grotle (Ap) med Kjartan Wiik (KrF) som vara. Stig Bakke (KrF) vert vara for Elisabeth Hatlenes.