Kvalheim Kraft har i fleire år tildelt kulturlivet i Vågsøy 75.000 kroner per år, der midlane skal gå til spesielle prosjekt i kulturlivet. Det er ikkje høve til å søke om midlar til dagleg drift for lag og organisasjonar.

Søknad om midlar sendast til Vågsøy kommune, og ei gruppe av fem personar, sett saman av politikarar og administrasjon, tildeler ut frå søknad.

– Dei første åra desse midlane blei delt ut var det mange som søkte. Dei to siste åra har det vore mindre interesse. Vi skulle gjerne sjå at fleire lag og organisasjonar søkte om tilskot frå Kvalheim kraft, seier ho.