Det stadfestar Sven-Jørgen Strømmen sjølv overfor Fjordenes Tidende. Ifølgje han er det broren Kurt André Strømmen som no er dagleg leiar.

– Eg slutta 5. januar, stadfestar han utan å ville kommentere grunnane til at han ikkje lenger er leiar i familieverksemda han tok over drifta av som 26-åring.

Tre brør eig selskapet

Faren Kristen Strømmen var ein oppdrettspioner og starta K. Strømmen i 1972. No har dei tre sønene aksjepostar på i overkant av 30 prosent kvar i eigarselskapet K. Strømmen Holding, ifølgje proff.no.

I dag er K. Strømmen ei hjørnesteinsverksemd i Rugsund. Dei siste åra har drifta vore svært lønsam. Siste offisielle rekneskapsår 2016 bokførte verksemda eit overskot på nærmare 70 millionar kroner av ein omsetnad på 253 millionar kroner, det vil seie ein driftsmargin på kring 27 prosent.

K. Strømmen har fire konsesjonar, fordelt på anlegg i Rugsund, på Endal, ved Løypingsneset i Frøysjøen og ved Marøy utanfor Leirgulen.

Den tidlegare daglege leiaren stadfestar at han beheld aksjeposten sin, men seier han ikkje veit kva som vil skje med selskapet framover.

Kurt André Strømmen har fått høve til å kommentere saka, men har ikkje gjeve tilbakemelding.

Har etablert gründerprosjekt

Sven-Jørgen Strømmen fortel at han no i staden er i gang med eit gründerprosjekt innan oppdrettsnæringa, med base i Skreddarhuset på Eid.

Selskapet han har danna heiter Fjord Miljø, og siktar mot fiskevelferd innan oppdrettsnæringa. Ifølgje nettstaden til Fjord Miljø skal selskapet utvikle og selje miljøløysingar til oppdrettsnæringa.

Selskapet rettar hovudsakleg merksemda på merdmiljø, fiskevelferd og tilvekst i opne anlegg i sjø. Mellom anna har Strømmen teke patent på eit røyrsystem kalla Strømmen-rør, som skal brukast førebyggjande mot lakselus med sikte på å hente vatn frå 12-15 meters djupn.

Røra skal nyttast frå fisken blir sleppt i sjøen til han skal slaktast, for å skape gode veksttilhøve og trivsel.