Det er Firdaposten som melder saka.

Det relativt nystarta firmaet frå Davik i Bremanger har no teikna avtale med Coop Vest, og produkta vil vere å finne i alle butikkane deira.

Det betyr eit kjempeløft for den vesle gardsmatbedrifta.

– Det er eit kanonløft for oss dette. Før jul hadde vi produkta våre i 13–14 butikkar. No skal vi ut i 53 butikkar til. Det betyr ein stor auke i produksjonen, seier Jonny Bakke frå Abbel Tradisjonsmat.

I denne omgangen er det kjøtkaker og karbonade som kjem ut i butikkane, men dei får snart følge av fleire produkt skapt på gamle tradisjonar frå Nordfjord.

– Damppølser og honningmarinert svinenakke blir det neste, og i sommar skal vi levere ein grillkombinasjon med grove grillpølser og hamburgarar. Det blir spennande! seier han til avisa.

Abbel Tradisjonsmat har tradisjonelt selt ein del produkt til jul, medan det har vore stille resten av året. At dei no kjem med kjøtkaker og anna godt i Coop Vest er eit resultat av produktutvikling der dei har satsa på å skape produkt som kan selje heile året.

Allereie fredag var produkta på plass på Coop Vest-butikkar i Førde og i Svelgen.

På Facebook opplyser også Abbel tradisjonsmat at produkta vil vere å finne i Coop-butikken på Nordfjordeid frå måndag.