Nigardsøy seier nybygget er etterlengta.

– Garderobane i den gamle gymsalen var så dårlege at elevane ikkje ville bruke dei. I praksis har ikkje elevane hatt høve til å dusje etter gymtimane på skulen dei siste åra. Vi har løyst problemstillinga med å forsøke å legge gymtimane på slutten av dagen slik at ungane kan dusje heime. Møterom har vi ikkje hatt tidlegare. Vi er veldig godt nøgde og glade for at Bremanger kommune prioriterer å setje opp det nye bygget, seier Nigardsøy.

Om lag 50 elevar og 20-25 barnehageborn ved oppvekstsenteret får glede av nybygget frå august. Den gamle gymsalen var nedsliten, og det var lekkasje både i salen og garderobane.

Nigardsøy seier utbygginga gjer at dei er styrka i trua på framtida til Kalvåg Oppvekst.

– Alle politiske signal tyder på at Bremanger kjem til å ha ein skulestruktur med skular rundt om i bygdene. Det var ei utgreiinga for nokre år sidan der skular i kommunen vart vurdert, også Kalvåg. Vi er ei bygd i vekst og utvikling, og denne utbygginga viser at vi blir satsa på.

Nybygg til 31,3 millionar

Prosjektansvarleg Frank Husevåg i Bremanger kommune opplyser at bygget har ein kostnad på 31,3 millionar kroner, inkludert meirverdiavgift.

I tillegg til gymsal med nye garderobar, blir det eit klasserom og eit møterom i underetasjen der også kulturskulen kan vere. I tillegg kjem rom som gang, heis, forrom scene, lagerrom, tekniske rom og toalett. Den nye bygningsmassen blir 734 kvadratmeter bruksareal, pluss 96 kvadratmeter rehabilitering i eksisterande bygg. Det er 300 kvadratmeter meir enn tidlegare, slik at total bygningsmasse ved Kalvåg Oppvekst no blir 2.500 kvadratmeter.

Prosjektleiar Husevåg fortel at den opphavlege planen var rehabilitering.

– Men tilstanden på bygningsmassen var så dårleg at både administrasjon, konsulentar og politikarar, etter eiga synfaring, konkluderte med at nybygg var det einaste fornuftige.

Planlegginga starta i 2016 og endeleg kommunestyrevedtak vart gjort i juni 2017. Kontraktar vart signert i august, med oppstart i september 2017. Hovudentreprenør er Allbygg Florø.

Forseinka av grunntilhøva

Grunne fundament på eksisterande bygg gjorde at ein måtte sprenge meir i tomta enn føresett. Men bygget skal bli klart til skulestart trass forseinkinga.

Ifølgje prosjektleiar Frank Husevåg er dei noko forseinka til kontraktsdatoen for overtaking, 1. juli. Men han seier bygningen kan takast i bruk til skulestart komande skuleår.

Utsettinga skuldast i hovudsak vanskelege grunntilhøve.

– Grunna dagens krav til etasjehøgder i undervisningsrom i underetasjen måtte vi sprenge til lågare nivå enn for eksisterande bygg. Det var utfordringar med grunne fundament på eksisterande bygg, problematikk kring drenering, samt radontiltak.

Husevåg fortel at det også har vore logistikkutfordringar med ein byggeplass på skuleområdet der det er eit 70-tals born i kvardagen.

– Vi har til tider hatt tre ulike prosjekt gåande samstundes på eit lite og trongt område. Det gjeld arbeid med ny trafo, samt sikringstiltak med rasvoll bak skulen, i tillegg til bygginga. Men samarbeidet mellom ulike aktørar har fungert godt, avsluttar prosjektleiaren.