Får dobbelt så mange ladepunkt i bygda

Talet ladepunkt på Nordfjordeid vert dobla frå 12 til 24.

I 2015 fekk Eid kommune sin første hurtigladestasjon på Nordfjordeid. No har dei hått tolv nye ladepunkt for el-bilar i bygda. Her med ordførar Alfred Bjørlo og Einar O. Midtbø , prosjektleiar for nettforsyning i SFE Nett frå åpninga av ladestasjonen i 2015.  

Nyheter

Eid kommune er tildelt 240.000 kroner frå den statlege Klimasats-ordninga for å bygge 12 ladepunkt for el-bilar ved Operahuset Nordfjord og Eid vidaregåande skule, ifølgje ei pressemelding.

– Med den lynraske utviklinga i teknologi og sal av elektriske bilar, er det heilt nødvendig å legge til rette for å gjere det enkelt å bruke elbil også i distrikta. Eg er glad for at Sogn og Fjordane fylkeskommune og Eid kommune no saman kan gjere eit løft for å gjere Eid elektrisk også på bilfronten, seier ordførar i Eid Alfred Bjørlo (V).

Eid vidaregåande skule og Operahuset Nordfjord er til dagleg tilhaldsstad for rundt 400 elevar og 100 tilsette. Operahuset Nordfjord har i tillegg til dette over 20.000 besøkande årleg.

Søknaden er eit felles initiativ frå Eid kommune og Sogn og Fjordane fylkeskommune, med Eid kommune som ansvarleg søkar. Målet er å legge til rette for at både kommune og fylke kan byte ut fossile tenestebilar med miljøvenlege bilar, men ladepunkta vil vere opne for alle.

Eid kommune har frå før tolv ladepunkt på fire ulike stader i Nordfjordeid sentrum - alle er ope tilgjengelege og gratis å nytte. Det er også to hurtigladepunkt i kommunen.

– Det er viktig at eit distriktsfylke som Sogn og Fjordane heng med i svingane i den raske overgangen som no skjer frå fossile bilar til nullutslepp. I tillegg til å legge til rette for elbilar, må vi også vere i forkant når det gjeld å utvikle hydrogenbilar som eit framtidsretta alternativ i distrikta. Det er kjempebra at Sogn og Fordane fylkeskommune også får klimasatsmidlar til å halde fram satsinga på hydrogen som no er sett i gong, seier Alfred Bjørlo.