Har fått inn 500 forslag til nytt kommunevåpen

Kommunane Eid og Selje inviterte i vinter innbyggjarane til å kome med forslag til tema for kommunevåpen for nye Stad kommune. Alle barnehagar og skular inkludert har det kome inn oppunder 500 enkeltforslag.

Etter gjennomgangen av innsende bidrag har namnenemnda kome med ei tilråding til tema. Dette er det våte element med hav/fjord/vatn/bølgjer.Illustrasjon: Aksel Stave Ervik 

Nyheter

– Over 80 personar levert inn forslag på kommunevåpen, og nemnda som i januar til mars har arbeidd med prosjektet har no gått gjennom alle forslag, skriv Stad 2020 på sine nettsider.



I prosessen har særleg fire tema peika seg ut. Desse er St. Sunniva, vikingskip, fjordhesten, hav/fjord/vatn og bølgjer. I tillegg er det fleire med hjarte, venskap, natur, klosteret, skipstunnel, olivin og landskap.

Etter gjennomgangen har namnenemnda kome med ei tilråding til tema. Dette er det våte element med hav/fjord/vatn/bølgjer.



Fellesnemnda handsamar det valde temaet 3. mai, forkastar og sender tilbake til nemnda eller gjev klarsignal til å gå vidare med prosessen. Fellesnemnda vurderer om det skal oppnemnast ein jury som skal vurdere dei innkomne forslaga som kjem inn basert på det valde temaet, eller om heraldikknemnda kan vere juryen.

Ifølge Stad 2020 blir så tre aktuelle firma invitert til ein avgrensa anbodskonkurranse. Oppdraget vil vere å teikne forslag til kommunevåpen basert på valt tema.