– Vi vart inspirert av Oktoberfestivalen i Stryn som gjorde det same i fjor. Vi gjekk då til lokale Olsen Transport og spurde han, fordi han nyleg har fått ein stor, ny semitrailer. Han meinte dette var ein god ide og var veldig positiv, og slik kom det altså i stand, forklarar Lars Kjølen i festivalen.

Semitraileren, som er dekorert med The Norwegian Elvis Festival sin logo, vil gå rundt i Sør-Norge gjennom heile våren og sommaren. Første tur gjekk frå Måløy måndag denne veka.

Kjølen peikar på at det frå Måløy Vekst og andre si side har blitt gjort ein stor jobb med å sette Måløy på kartet. Han seier dette er festivalen og dei frivillige sitt bidrag.

– Dette er jo definitivt eit blikkfang, og målet vårt er å sette festivalen og Måløy på kartet, slår Kjølen fast.

– Vi reknar med at det blir ei aha-oppleving for dei som ser semitraileren, legg han til.

Sidan bilen har blitt eit blikkfang ønskte festivalen å få mest mogleg ut av marknadsføringsstuntet. Dei har difor lansert ein konkurranse der ein kan ta bilete av køyretøyet.

– Ein kan ta bilete av bilen, der ein måtte sjå den, og legge det ut under emneknaggen elvisbil på Instagram. I forkant av festivalen vil vi trekke ein vinnar av konkurransen. Sjåføren har lova å parkere på strategiske stadar, smiler Kjølen.