– I Eid og Selje er det ei klar overvekt av menn i kommunestyra. Dette har vore eit gjennomgåande tema når vi skal sette ned utval i arbeidet med Stad kommune. Når vi har så mange færre kvinner enn menn blant dei folkevalde, så har vi eit problem, seier ordførar Alfred Bjørlo (V) i Eid.

– Vegrar seg for å stå på liste

Paneldebatten, som blir leia av prosjektleiar og rådmann Åslaug Krogsæter, er ein del av eit ope møte der prosjektleiinga i Stad 2020 inviterer innbyggjarane til å drøfte kva som skal til for å få opp engasjementet for politisk deltaking.

– Målet er å kome tidlegast mogleg i gang med å utfordre og bevisstgjere dei politiske partia og alle innbyggjarane i kommunane om kor viktig det er å engasjere seg og stå på ei liste. Dette er eit avspark for politisk mobilisering med eit spesielt fokus på kvinnerepresentasjon, seier Bjørlo, og fortset:

– Mange innbyggjarar er engasjerte i enkeltsaker, men når du spør dei om å stå på ei liste eller stille til val, så vegrar dei seg fordi det er for tidkrevjande, eller så er dei ikkje trygge på om dei klarer det godt nok. Vi kunne med fordel hatt fleire som deltok i lokaldemokratiet. Litt av målet med møtet er å vise at det er kjekt å engasjere seg.

Ser til andre kommunar

Møtet går føre seg i Operahuset Nordfjord 25. april. I invitasjonen heiter det at dette er eit avspark og ein felles dugnad for framtidas lokaldemokrati.

– Lokaldemokratiet må heile tida fornye seg. Det er ikkje sikkert at det å sitte på lange kommunestyremøte ein gong i månaden er det som er rett i ein kvardag der vi er vande med at alt går veldig raskt, påpeikar Eid-ordføraren.

I fellesnemnda for Eid og Selje har politikarane sett til andre kommunar som har snudd opp ned på måten ein driv lokaldemokrati på.

– Vi har til dømes sett på Svelvik kommune. Det har dei avskaffa alle utval og kommunestyret møtast fire gongar i året. Dei har prioritert adhocutval og prioritert felles komitear for politikarar og vanlege innbyggjarar. Dette er spennande diskusjonar å ta, og samstundes kan kanskje ei endring få fleire til å engasjere seg, seier Bjørlo.

Vil få fram fleire perspektiv

På programmet står også innlegg, betraktningar og diskusjonar med forskar ved Rokkansenteret Bjarte Folkestad, fylkesmann Anne Karin Hamre, rikspolitikar Hadia Tajik og lokalpolitikarar frå Nordfjord.

– Tajik har med seg perspektivet til ein ung kvinneleg politikar. Ho har valt å ta ein sterk posisjon, og er nok ei kvinne som mange unge kan ha interesse av å høyre på. Folkestad kjem med faktakunnskapen kring lokaldemokratiet og vil snakke om mekanismane i val. Anne Karin Hamre har vore fylkesmann i mange år, og er nok den som best kjenner den politiske kulturen i kommunane i fylket. Ho kan fortelje om kvifor lokalt folkestyre fungerer betre enkelte stadar enn andre, fortel Bjørlo.

I etterkant av arrangementet i operasalen blir det politisk kafe i foajeen i operahuset.

– Dette blir ein møtestad for både innbyggjarar og politikarar. Vi har sendt ut invitasjon til alle dei politiske partia i Stad kommune, seier ordføraren.