– Vi føler vi er på trygg avstand, men i teorien er ein ikkje 100 prosent trygge så lenge det brenner på 100 meters avstand. Vi kan sjå kraftige flammar, og det er ganske dramatisk. Brannvesenet har nok ein vanskeleg jobb. Vindretninga per no er bra for vår del, men det kan fort snu, sa Frantzen onsdag ettermiddag før brannvesenet fikk kontroll på flammane.

Han fortalte då om eit nær folketomt senter.

– Det er veldig lite folk på senteret per no. Så vi har så å seie evakuert. Vi som arbeider her er framleis på jobb, men får vi beskjed om at vi må kome oss vekk, så gjer vi det, sa Frantzen.

Måløy Stormarked stengde ventilasjonsanlegget så snart dei fekk høyre om brannen.

– Vi har stengt av ventilasjonen for å unngå å få røyk inn i senteret.