– Frykta til mange er at vi som bygd fort kan bli gløymde i ein stor kommune. Difor er det viktig at kommunen, politikarar og vi som bygd har gode arenaer å kommunisere på, anten det er i Kinn eller Vågsøy, seier Malene Lunde Sætren, som sit i bygdelaget i Deknepollen.

Fekk innspel til utvikling

Tysdag kveld var det folkemøte i Deknepollen. Her ønskte politikarane i fellesnemnda, ved Vågsøy-ordførar Kristin Maurstad (Ap) og Flora-ordførar Ola Teigen (Ap), innspel til utviklinga av Kinn kommune frå innbyggjarane i grendene.

Politikarane ville har svar på kva bygda forventa at Kinn skal gjere for innbyggjarane, samt kva innbyggjarane kan gjere for utvikling av kommunen.

– Bygdelaget starta på grunn av den planmessige utviklinga av bygda. Kommunen inviterte til innspel på arealdelen av samfunnsplanen. Den kom til idrettslaget fordi vi ikkje hadde ein instans som kunne ta imot og handtere dette. Så då mobiliserte vi og skipa laget. Behovet for å kome med innspel var der, og det er der i dag, så dette er noko som står høgt i prioriteringane til bygdelaget, seier styreleiar Geir Arne Solheim.

Dei to ordførarane fekk fleire innspel på møtet, og Lunde Sætren peikar på nokre av områda som vart spelt inn som viktige.

– Vi må ha fokus på trygge skulevegar, som til dømes overgangsfelt, slik at barna kan ferdast trygt, det må ta kortare tid å få byggjesøknadar handsama, slik at folk som vil utvikle næring og bustadar i Deknepollen ikkje blir hindra eller forseinka grunna lang sakshandsaming kommunen og vi må ha gode tilbode til dei unge, eksempelvis gjennom å få eit svømmeanlegg opp å gå, fortel ho, og fortset:

– Vi ønskjer oss eit fokus på leikeplassane i bygda, slik at vi kan få dei opp å gå. Der ser vi på moglegheitene for å samarbeide med kommunen på eit anna nivå enn vi har gjort tidlegare.

Flora-ordføraren nytta møtet til å fortelje om korleis dei har fått god kommunikasjon mellom grendene og Flora kommune. Der har dei faste møte mellom laga og kommunen.

– Dette meiner eg høyrest ut som ei god løysing, og det er noko eg håpar kan bli ein realitet også i Kinn. Det er klart at det har større effekt at det kjem ein person frå eit samla bygdelag enn om det kjem ein enkeltperson, seier Lunde Sætren.

Splitta i synet på Kinn

Bygdelaget i Deknepollen har diskutert samanslåinga og opplever at det er både forkjemparar og motstandarar i bygda.

– Frykta til mange er at vi blir små og at vi kan miste sjukeheimsplassar, at vi må reise langt for å få ulike tenester og at vi kan miste posisjonar i kommunestyret, forklarar Lunde Sætren, og legg til:

– Dei som er positive til Kinn på at ein får ein ny administrasjon med samla kompetanse. Det kan føre til at kommunale prosessar blir effektiviserte.

Bygdelaget vil uansett kva som skjer jobbe for utvikling.

– Vi skal utnytte sjansane vi får til å utvikle bygda. Vi har ikkje tenkt å grine og vere lei oss uansett kva som skjer. Vi skal vere positive til utvikling, seier Solheim.

Grendelagsmøtet i Deknepollen var det første i ei rekke av slike møte. Torsdag kveld var det folkemøte på Raudeberg.

– Det er veldig positivt med slike møte. Bygda føler at den blir sett og høyrt. På møtet fekk vi informasjon om kva som er planen og løpet vidare. Det gjer at ein får eigarskap til prosessen, noko som er svært viktig, understrekar Lunde Sætren.