Charlotte Førde er ofte på Håøya der familien på farssida kjem frå. Huset til tipp-tipptippoldefaren står der framleis og etterkomarane vil gjerne halde staden fin og rein for rusk og rask. I fjor rydda dei eine sida og denne helga tok dei fatt på den andre.

– Alt i flaska var rosa

– Det var heilt utruleg mykje plast. Då eg gjekk langs sjøkanten kunne eg høyre knirkinga av gamal plast under føtene, fortel 21-åringen.

Bortsett frå alt som driv i land på Håøya, er øya rein idyll og kan berre nåast med båt. Dette var ein av dei fantastisk vakre kveldane med raude solnedgangar – som på Håøya går rett i havet langt ute i horisonten.

Tidlegare denne dagen hadde broren til Charlotte, Vincent, funne ein flaskepost. Men i denne var det berre namn og adresse – truleg brukt til merking av fiskereiskap, fann dei ut. Faren til Charlotte, Asle Førde, var den som såg flaska først, men han trudde det var søppel. Dottera ville derimot ta ein nærare kikk.

– Alt i flaska var rosa, litt sand, ei fjør og ei sløyfe. Eg tenkte automatisk at innhaldet var laga til av ei lita jente, fortel Charlotte.

Ung jente døydde

Inni flaska var det derimot eit brev frå ei mor, Emma Page, i Suffolk i England. Bodskapen i brevet var trist lesing:

«Emma-Jane vart fødd 21.10.94. Ho døydde diverre om morgonen på 18-årsdagen sin den 21.10.12, av SUDEP. I dag, 21.10.14, til minne om Emma-Jane, tenkte vi å sende ein flaskepost for å sjå kor langt vår nydelege engel Emma-Jane vil reise over sjøen og auke kunnskapen rundt SUDEP og epilepsi. Vi ville sett stor pris på om nokon finn den, og ville vere så snille og skrive til oss slik at vi får vite kor langt Emma-Jane har reist. Det ville vore fantastisk. Denne flaskeposten vart kasta på sjøen frå Ness Point – det austlegaste punktet i England. Sendt med mykje kjærleik frå Emma-Jane sin familie» (oversett av journalist)

I brevet var det også bilde av den unge jenta som berre var fødd eit år før Charlotte sjølv.

– Kva gjekk gjennom deg når du las dette?

– Det var veldig spesielt, og ikkje noko eg hadde forventa i det heile. Innhaldet var trist, men eg vart glad for at eg kunne fortelje dei at eg hadde funne den. Eg søkte sjølvsagt opp sjukdomen som betyr «Sudden and unexpected death of epilepsy» – altså brå og uventa død av epilepsi. Mange, som meg, er nok ikkje klar over at denne sjukdomen kan vere så farleg og at ein lever med dette hengande over seg, fortel Charlotte.

Ho legg til at mora i alle fall har oppnådd målet sitt ved å gje henne denne kunnskapen.

Glade for kontakt

Familien i Suffolk sendte ut i alt 12 like flaskepostar og fire av dei er til no funne på ulike stadar på Vestlandet i Norge.

Mora til Emma-Jane vart likevel overraska då Charlotte tok kontakt via Facebook. Då var det nemleg ikkje funne nokon sidan 2015. Svelgen-jenta trur nok flaska har lege i strandkanten veldig lenge.

– Men det er sjeldan nokon er på denne sida av øya, forklarar ho.

Emma Page la meldinga frå Charlotte ut på si Facebook-side. Det har vakt stor glade i familien og blant venner.

– Eg trur dei føler at Emma-Jane på ein måte gir livsteikn frå seg frå plassane der flaskene blir funne. Ei hadde blant anna kommentert at «Ho veit sanneleg å finne vakre stadar å reise til». Historia er trist, men eg blir glad for å ha gleda dei i sorga, seier Charlotte.