– Vi ønskjer å spørje innbyggjarane om turisme, men vi er også interessert i den lokale identiteten og kva som definerer oss her, seier Martin Hagen frå Kvalheim.

Han er ein del av gruppa med studentar som elles består av Andrea Skinstad, Malin Berge Appelquist, Karoline Lie Wee, Alexandra Gjerlaugsen og Emil Bjerke.

I tillegg til å vere tilgjengelege på Torget førstkomande og neste laurdag, samarbeider dei med Måløy Vekst om eit informasjonsmte og workshop onsdag 25. april for å informere om prosjektet.

– Det er veldig viktig at folk bidrar og engasjerer seg. Det vil gje folk eigarskap til prosjektet, samt gje det større verdi, seier gruppa.

Du kan lese meir om prosjektet og Destinasjon Måløy i Fjordenes Tidende tysdag.