Denne leiarartikkelen stod på trykk i Fjordenes Tidende 20. april:

Skal Vestkapp bli stort, må aktørar med kreativitet og kapital samarbeide

Kan Vestkapp, området rundt Stadlandet, Selje og ytre Nordfjord bli like attraktivt reisemål som Nordkapp har blitt? Om ikkje det kan bli like stort, så kan det i alle fall bli betre enn det har vore siste åra då det har skjedd fint lite rundt og på Vestkapp-platået. Det spesielle signalbygget på Kjerringa vart rasert av orkanen Dagmar som herja i romjula 2011. Før det skjedde så var det klare planar for å utvikle dette huset. Men orkanen øydela altså for planane då. Onsdag vart det klart at Oskar Joakim Kvernevik og Kristina L. Myrseth i Kvernevik Holding får kjøpe nabotomta til Vestkapphuset på 5,5 mål for 660.000 av Selje kommune. Oskar Joakim er son til Annbjørg og Oddgeir Kvernevik, som saman bygde opp og drifta Vestkapphuset i fleire år.

Det synest som at det er to unge lokale entusiastar med stort engasjement som brenn for å få til noko på dette området som har fått kjøpe nabotomta til Vestkapphuset. Allereie i sommar skal dei få liv i huset og drive kafé. Det vitnar om at dei har draumar for området. Skal det bli noko stort som blir lagt merke til og som kan bli ein turistmagnet, så får vi håpe dei får med seg gode krefter og kapital på laget som kan lokke besøkande.

Det var nok garantert ei strek i rekninga for mange at Selje Hotel vart øydelagt i brann. Overnatting er viktig for å lokke turistar. No er det rett nok kome nytt overnattingstilbod på Stadlandet. Men skal dette bli noko som liknar på Nordkapp, så må tilreisande ha meir enn eit utsiktspunkt på fjellet Kjerringa. Det må kome spennande aktivitetar og attraksjonar. No når Kvernevik Holding AS veit at dei disponerer nabotomta, så startar dei med friskt mot eit forprosjekt som dei og mange med dei håpar endar i noko nytt og spennande.