– Eg er Magnhild Sagebø, fødd på Kjerpeset den 14. juni 1917.

Magnhild bur på Svelgen bu- og servicesenter og kan sjå attende på fleire dagar enn dei fleste. Men det verkar langt ifrå at alderen tyngjer.

– Nei. Nei, eg kjenner meg ikkje gammalje! Eg er lett i sinnet. I dag, liksom då eg vart vaksa.

Ho nikkar bekreftande på spørsmål om ho føler seg frisk til sinns som då ho var 25.

– Jaaa! Sinnet er sunt og levande, men eg har hatt mykje motgong, seier Magnhild og medgir at det utvilsamt har vore skjær i sjøen.

– Far min døydde då eg var tre-fire månader. So eg veit ikkje om hånå. Mora mi sleit hardt, det var tronge tider i 20-åra. Vi var fire syskjen, far døydde av noko dei kalla «nyreblødning». Eg sakna han veldig.

Magnhild var yngst av syskena. Fire år gammal vart ho beden i bryllaup til Igland, saman med mora.

– Eg hadde mykje hår, og måtte få låne ei ekstra hårsløyfe av systera mi Kjellrun. Det som nagla seg i minnet mitt, var at ho gret så hjartesårt når eg gjorde meg klar for reisa. Eg trudde ho gret fordi eg drog med sløyfa hennar.

Nytt liv i ny heim

Den to år eldre systera visste ikkje at Magnhild ikkje skulle komme heim. For då mora reiste tilbake etter bryllaupet, var ikkje Magnhild med.

Eit ektepar som stod nær dei som heldt bryllaupet, hadde ei helsesvak og hjartesjuk dotter. Desse to var også fadder for Magnhild, og dei vaksne hadde avtala at Magnhild kunne veksa opp hjå dei og også vere selskapsdame for dottera.

Dermed starta den vidare barndom i «framandt land» for den vesle jenta. Magnhild fekk ei god tid i den nye heimen, og lengten heim til mor og sysken heldt ho for seg sjølv.

For å få hjelp med sjukdomane reiste dottera i huset til doktor i Oslo. Ei tid etter kom ho heim i kiste. Magnhild vart likevel verande hos ekteparet. Her tok ho del i arbeidet på garden, der oppgåva var å få heim sauene. Og når ho møtte mora, som skjedde gjennom året, sa ho aldri frå om at det var travelt å gå på skule og arbeide så mykje som ho gjorde.

Magnhild kom aldri meir til Kjerpeset for å bu i barndomsheimen. Og sakte la tida år til hennar liv.

– Månge gongje var det hardnakka å vere vekke frå mor og sysken. Eg visste mor mi ikkje hadde så mykje, som enkje med fleire born. Men, heldigvis sette det ikkje varige spor i meg. Merkjeleg å tenkje på at no er folket mitt vekk, alt sama. No lever eg plitt åleine frå den tida.

Med sine 100 år har Magnhild sagt farvel til mange menneskje som har stått ho nær.

– Eg mysste eldste sonen min, fødd like etter freden, 10. mai 1945. Og eg har mysst to ektemenn.

Magnhild fekk snakke med eldste sonen før han reiste til Bergen for å gå om bord i ferja der han var maskinist. Neste morgon låg han død i køya. Nokre sekund vibrerer stemma, kjenslene bryt på når minna vert vakte.

– Tapet av sonen var det hardaste. Då såg eg mørkt på livet. Eg tykte eg hadde ikkje noko å leve for.

– Men, so bjønde eg å tenkje på det. Det er ikkje berre eg so har mysst. Det er månge so har mysst, og mysst fleire i gongen av sine. Dei må også kome over det, og då må også eg klare det.

Overraskande telefon

Magnhild vart gift med Rasmus Igland i 1943. Saman fekk dei fem born, og mange gode og trygge år saman. Dei praktiserte det arbeidsmønster som var vanleg. Magnhild tok hand om born og gard. Rasmus skaffa pengar ved fiskeri.

Magnhild har røynt at arbeid var eit vilkår for eksistens, ingenting gratis. Eit viktig skifte kom då Rasmus vart hjartesjuk og måtte slutte fiskeriet.

For å skaffe inntekter måtte Magnhild ut i arbeid. Dermed starta ho som kokke på anlegget i Åskora i Ålfoten. Kvar helg måtte ho finne seg far heim til Igland. Fleire karar frå Bremanger arbeidde i Ålfoten, og desse leigde seg sjøfly heim i helgane, når det var råd. Og Magnhild fylgde med.

Dette vart livsstilen inntil mannen døydde våren 1969. Då måtte ho slutte, for ho kunne ikkje vere vekke med ein son på ti år heime åleine. Tida som anleggskokke var over. Kort etter vart ho imidlertid tilsett som kokke på Måløy aldersheim, der ho arbeidde i ei årrekkje.

Ein dag ringde telefonen. Det var Svein Sagebø, mannen ho var ringforlova med i 1936.

– Då eg var 19 år, var eg forlova med ein kar som var 14 år eldre enn eg, fortel Magnhild.

Han vart med henne heim til Bremanger for å helse på slekta. Etter besøket fekk ho grei beskjed frå familien at det var uaktuelt å be han komme att. Han var for gammal.

Svein reiste til sjøs, og kontakta broten. Han mønstra på like etter ulukka i Lodalen, 13. september 1936. Så kom krigen i 1940 og blokkerte for heimreis og all korrespondanse. Då krigen var slutt og Svein kom til Norge i 1945, var Magnhild gift på Igland to år før, og hadde fått to born.

Åra gjekk, og Magnhild vart enke. Men Svein hadde ikkje gløymt henne. Sjølv hadde han også mist ektemaken. Han oppfatta at Magnhild måtte streve for livsopphaldet, og tilbaud si støtte. Ho såg inga meining i dette og avslo.

– Eg hadde svikta han då vi var unge og hadde ikkje samvit til å ta imot tilbodet.

Mot og viljestyrke

Soga stoppa likevel ikkje der. Dei to kom på talefot igjen, etter 36 år. Resultatet vart at Magnhild gifta seg med sin ungdomskjærleik, i ein alder av 55 i 1972. Dei fekk 16 år som ektefolk før Svein døydde.

Dei siste åra han levde var han kreftsjuk. Magnhild søkte kommunen om avlasting for Svein, men det var ikkje plass å få på sjukeheimen. Då var det at Magnhild kom med ei banebrytande tilbod. Mot å få hjelp til dagleg drift, opna ho heimen for fleire som trong hjelp.

Slik vart det aller fyrste bukollektivet for eldre i kommunen etablert. I tillegg til Svein, delte ho hus og heim med fire andre pensjonistar og medhjelparar Seinare var ho ei av dei drivande kreftene for å få reise Haugetun, ein heim for eldre.

14. juni fyller Magnhild 101 år. Ho snur seg attende og minnest tunge tak og vanskelege tider. Men også glede over gode dagar som kom og gjekk. Fargerike felt i livsveven som tida har skapt av det «førflutne». Med minna om alle ho fekk møte. Eit liv der ho ved mot og viljestyrke har utfalda sine fruktbare idear. Ikkje rygga tilbake for å setje kreftene inn utan å vente på honnør. Og synt omsorg for dei ho kalla sine, ikkje minst.

– Vi skal ikkje berre gå og tenkje på oss sjøle. Her er månge so har motgong. Dei og lyte leve. Motgongen i livet gjorde aldri at eg sette meg ned og tykte synd i meg sjøl. Når eg har tenkt meg om, har eg sett folk som har hatt det verre.

Måtte spare halve lønna i tre år for å få råd til symaskina

Magnhild Sagebø (100) levde på sparebluss i fleire år for å ha pengar til å oppfylle draumen – si eiga symaskin.

Etter konfirmasjonen i 1932 arbeidde Magnhild som terne. Det var ein vanleg karrierestart for jenter på den tida, med mindre dei hadde velståande foreldre som kosta skulegang.

Jobben gav ikkje store inntektene, men Magnhild var både jordnær og praktisk. Og hardt arbeid og nøysemd gav resultat for den unge jenta.

Vart freista

Ein dag Magnhild snakka med kona til læraren på Hauge, kunne ho fortelje at ho hadde kjøpt seg symaskin.

Lærarkona skrytte av den, og det var så mykje vellæte at det vekte interesse hos Magnhild. Ho ville også skaffe seg eit «Singer-vidunder».

– Eg ville ordne klenå mine sjøl, grunngjev Magnhild kjøpet i dag, kring 80 år etterpå.

Med ei løn på 20 kr månaden var utsiktene likevel små, men ho beit tenna saman:

– Eg tenkte med meg sjøl: «Eg skal klare det! Ti kroner te maskina, og ti kroner te meg sjøl», fortel Magnhild.

Håpte å sleppe

Dermed var Singeren på veg inn i livet til Magnhild ei tid før andre verdskrigen braut ut.

Og etter at avtala om avbetaling var i orden, kom maskina. Halve løna var dermed låst i tre år framover, til sluttsummen på 350 kroner var på plass hos symaskin-agenten.

Så Magnhild sydde, og betalte. Sydde og betalte. I tillegg til jobben som terne.

Avbetalingsavtala influerte alle forhold som den gong kosta pengar. Magnhild vart tvinga til å innrette seg, finne smarte løysingar i sin ungdoms vår.

Så kom krigen og stogga alt. Då var likevel mykje av beløpet alt betalt inn.

– Eg har ikkje penge te deg

Agenten, som budde i Måløy, vart heft og kom ikkje til Bremanger og henta pengane då han skulle.

– Eg vart so ivrig, og tenkte: «Du ska sjå eg får maskina slik det er, utan noko meir!», ler 100-åringen,

Agenten hadde, dessverre for den unge syerska, verken gløymt Magnhild eller Singeren.

Ein dag kom han til Bremanger. Og vidare til Klungreset, der Magnhild arbeidde.

– «Det er so godt du veit det, eg har ikkje penge te deg. I går kjøpte eg meg kåpestoff, og eg har ikkje fem øre te deg. So du får berre ta maskina med deg og fare din veg», var den korte beskjeden eg gav til agenten, forklarer Magnhild.

Takka ja til tilbodet

Agenten sa at det ikkje gjekk. Magnhild hadde alt betalt inn så mykje at han hadde ikkje samvit til det. Så dei akkederte om korleis dette skulle ordnast. Mannen på garden sat inne i eit anna rom med døra på glytt og høyrde på akkederinga. Litt etter kom han ut i stova og tilbaud Magnhild forskot som ho så kunne bruke til å betale maskina med.

– «Då har eg ikkje noko sjøl», sa eg, fortel Magnhild, som etter kort grubling likevel bestemte seg for å takke ja til tilbodet:

– «Eg har ei seng å ligge i, og eg har mat på bordet. Så eg tek imot forskot så eg kan betale maskina». So den berga eg, smiler 100-åringen.

Framleis funksjonell

Og symaskina fylgde Magnhild over alt der ho var.

– Eg likte å ordne klenå mine.

Då ho seinare gifte seg og fekk born, sydde ho også alle kle til resten av familien. Og trass i utstrekt bruk, så leverte Singer-symaskina varene og vel så det. For den dag i dag er den framleis funksjonell, om ikkje lenger i bruk. Og framleis står ho i huset på Igland.