Søndag ettermiddag sendte Alarmsentralen i Sogn og Fjordane ut melding om at det var sølt noko i vegen ved Haugen i Eid, som gjorde at det kunne vere glatt i vegbana.

- Det er ikkje noko anna som skjer enn at vi sender ut utevakthavande for å kontrollere melding vi fekk inn om ein mogleg lekkasje der ute, av motorolje eller anna som gjer at vegbanen er litt glatt.

- Så de har ikkje oversikt over kva dette er?

- Nei, vi har ikkje fått noko melding tilbake enno. Men folk er sendt ut for å sjekke kva det dreier seg om, og i kor store mengder. Om det er noko som må ryddast opp eller varslast, er det Vegtrafikksentralen eller Mesta som stepper inn for å sette opp skilt om glatt veg, fortel vakthavande ved Alarmsentralen til Fjordenes Tidende.