Det var like etter klokka 16.00 måndag ettermiddag at den 80 år gamle fritidsfiskaren vart funnen livlaus i sjøen ved Totland i Vågsøy.

Då hadde dykkarar, ei redningsskøyte og eit helikopter søkt etter mannen. Det var folk på land som slo alarm då dei såg at den 14 fot store fritidsbåten hadde kantra og låg med baugen ut av sjøen. Det var helikopteret som fann mannen i sjøen inne veg land. Dei plukka han opp og tok han med til Haukeland Universitetssjukehus i Bergen.

Då mannen vart funnen i sjøen var han livlaus. Det vart gjort forsøk på gjenoppliving, men livet stod ikkje til å berge. Det opplyser operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Dag Olav Sætre.

Lensmann i Vågsøy, Nils Bakke opplyser at båten til fritidsfiskaren er teken på land og blir undersøkt av politiet.

- Den har ikkje skade og det var ikkje tau på propellen. Det er altså ikkje noko som kan forklare kva som har skjedd. Det har heller ikkje meldt seg vitne som har sett at båten har kantra og at mannen har ramla i sjøen. Såleis tyder alt på at det er eit tragisk uhell, seier Bakke til Fjordens Tidende.

Den kantra båten vart funnen rundt 100 meter frå land ved Gamlevegen på Totland.

Den lokale fiskaren var ein erfaren fritidsfiskar som var godt kjent i området. Det var stille og roleg på sjøen.