Torsdag 3. mai inviterer NRK til ryddedugnad med aksjonen «Hele Norge Rydder». Dette er ein aksjon for å få folk til å fjerne forsøpling og flygeavfall som ikkje ligg i fjøra.

– Nomil bidreg med å ta imot avfall kostnadsfritt frå aksjonen på gjenbruksstasjonane våre, torsdag 3. mai. Stasjonane fylgjer vanlege opningstider, gjenbruksstasjonen i Smørhamn har ekstra opningsdag denne dagen. Dermed er alle stasjonane opne, med unntak av stasjonen i Hornindal, skriv miljøkonsulent Janne Bareksten i Nomil i ei pressemelding.

Avfallet må leverast i gjennomsiktige sekkar frå Nomil.

– Sekkane kan de hente på førehand på gjenbruksstasjonen. Avfallet i sekkane treng ikkje å vere sortert, alt vert levert som restavfall, men sekkane kan ikkje innehalde farleg avfall (batteri, sprayboksa, reingjeringsmiddel osv), solide ting av metall, store/lange tau og fiskereiskap. Dette må leverast for seg sjølv.

– Og hugs; det er ikkje meininga at aksjonen skal nyttast til å rydde ut av kjellarar og uthus. Det er forsøpling og flygeavfall som skal leverast!

Laurdag 5. mai er det duka for «Strandryddedagen». Denne aksjonen er i regi av Hold Norge Rent.

– Dette er ein aksjon som fokuserar på ryddinga av strandsoner og områder knytt til vassdrag. Gjenbruksstasjonane til Nomil vil ikkje halde ope denne dagen, men vil i ettertid ta imot sekkar knytt til Kystlotteriet kostnadsfritt. Sekkar til dette er tilgjengeleg på gjenbruksstasjonane, og merk at det kun er bruk av slike sekkar som gjev gratis levering av avfallet på stasjonane.

Kystlotteriet gjeld forøvirg i heile perioden 1. april til 31. oktober