– Målet vårt er å legge grunnlaget for ei ny turistsatsing. Vi må bygge opp engasjement og involvere breitt om vi skal få til noko som kan bli ei ordentleg satsing. Kva arbeidet endar opp i veit vi ikkje enda, men vi håpar å lage ein innleiande strategi på kva ein kan gjere for å få fleire turistar til området, seier Martin Hagen frå Kvalheim.

Han utgjer ein del av prosjektgruppa, som elles består av Andrea Skinstad, Malin Berge Appelquist, Karoline Lie Wee, Alexandra Gjerlaugsen og Emil Bjerke. Dei er alle studentar ved Emergence – School of Leadership, og skal arbeide med prosjektet i seks veker. Gruppa vil i arbeidsperioden veksle mellom å arbeide med kartlegging og konseptutvikling i Måløy, og analysere, lage strategiar og gjennomføre møter med ekspertar i Oslo.

– I dei periodane vi er i Måløy vil vi reise mykje rundt til blant anna Fosnavåg og Stryn for å sjå kva dei har lukkast med. Det er mange vi kan lære av, men vi vil også finne ut kva som er spesielt for Vågsøy. Her er mange destinasjonar, men lite utvikling av dei, slår Hagen fast.

– Ope og inkluderande

Prosjektet har fått namnet «Destinasjon Måløy», og gruppa ønskjer å kome i kontakt med lokale turistaktørar, mannen i gata og andre med relevant kunnskap om turistsatsing.

– Vi vil engasjere og famne breiast mogleg. Folk må gjerne snakke med oss eller ta oss med på opplevingar som dei meiner kan vere relevante for arbeidet. Det er viktig for oss at folk skal føle eigarskap til prosjektet slik at ballen fortset å rulle når vi slepp prosjektet, seier Karoline Lie Wee.

Prosjektgruppa samarbeider med Måløy Vekst om eit informasjonsmøte og ein workshop om prosjektet onsdag.

Gruppa ønskjer ein open og inkluderande arbeidsprosess og har oppretta ein blogg og ein instagramkonto der dei som er interesserte kan følgje framgangen i prosjektet.

– Prosjektet er heilt ope. Dette handlar om å få fram kva vi er gode på i Vågsøy. Vi har i tillegg lyst til å få fram kor fint det faktisk er her. Det er noko lokalbefolkninga ofte gløymer, understrekar Hagen, som er den einaste i prosjektgruppa som kjem frå Vågsøy.

– Ein av dagane prøvde vi oss som turistar i området. Det skal seiast at det er litt krunglete å finne fram. Skilting og informasjon er noko som kan bli betre. Men vi hadde også nokre flotte matopplevingar, fortel Alexandra Gjerlaugsen.

Starten på noko større

Randi Paulsen Humborstad i Måløy Vekst fortel at turistprosjekt til dei seks studentane berre er startskotet for eit større prosjekt i Vågsøy.

– Dette prosjektet er ikkje over når studentane er ferdige. Det dei kjem fram til dannar grunnlaget for eit større prosjekt, seier Humborstad, og utdjupar:

– Eg ønskjer at dei kjem med ei kartlegging og peikar på nokre moglegheiter vidare. Eg ønskjer å gå i gang med eit stort reiselivsprosjekt i Måløy Vekst. Etter at studentane har arbeidd med dette i seks veker skal vi få plass ein skikkeleg prosjektplan og ressursar som skal jobbe dedikert med turistsatsing.

Ho peiker vidare på viktigheita av turisme for lokalsamfunnet.

– Det langsiktige målet med ei slik satsing er fleire turistbesøk, fleire reiselivsbedrifter, auka handel og ikkje minst auka trivsel og bulyst for lokale innbyggjarar og næringsliv.

Humborstad er heller ikkje framand for eit reiselivssamarbeid på kysten.

– Men vi startar med Vågsøy, og så får vi ta det derfrå, slår den daglege leiaren fast.