– Her på Eid og i Nordfjord kjenner vi oss heilt trygge. Men vi har tenkt oss på russetreff på Lillehammer 4.–6. mai. Klart at med 10.000 menneske samla er det grunn til å passe betre på, seier Emma Trosdahl.

Vi møter henne saman med Lene Myklebust, Frida Holmgren og Astrid Røkås i samband med at dei skal vise russebilen på trafikkstasjonen i regi av Statens vegvesen. Alle med russebilar er invitert inn til ein gratis tryggleikssjekk. Blir bilen godkjent, får dei eit oblat i ruta som gjer at dei kan passere alle kontrollar i russetida.

Også Maria Starheim, Ida Otterstad, Regine Nygård og Henrikke Dypveit er med på jenterussebilen frå Eid vgs.

Du kan lese meir om Likestilt her.

Tek omsyn til risiko

Trafikken er eit av fleire faremoment i russetida. Dei siste åra har ein også høyrt om valdtekter på russetreff, der overgriparane kanskje ikkje er russ ein gong. Alkohol er, om ein likar det eller ikkje, utbreidd.

Jentene er tydelege på at dei ikkje har planar om å gå rundt og vere redde. Dei skal ha det moro. Men dei seier dei tek omsyn til risikoen.

– Vi kan ikkje gå rundt og halde kvarandre i handa heile tida. Men vi er åtte jenter i bilen som passar på kvarandre. Er det nokon som treng hjelp, så er vi der. Og på Lillehammer skal vi passe ekstra på, seier Lene Myklebust.

– Det er ein risiko for at vi mister kvarandre. Dei som sel russedressar sel også valdsalarm, eg har ein slik. Og det finst ein app slik at du kan få varsla med eit trykk på mobilen, fortel Emma.

– Ein tenkjer gjerne på risikoen før ein startar, så drikk ein litt og tenkjer kanskje ikkje like mykje på det lenger. Det er ikkje alltid ein innser det at det blir for mykje. Så vi må vere varsame og passe på kvarandre. Bilen knyter oss saman. Det er ein fordel, seier Røkås.

Forslaget om å gå i sykkelbukse for å førebyggje valdtekt, slik ein lensmann føreslo ved eit tidlegare høve, har dei ikkje sansen for.

– Nei, det syns vi ikkje. Vi går med full russedress i staden.

Bilen er eldre enn eigarane

Jentene kjøpte russebilen på Sjøholt i september. Det er ein Volkswagen Caravelle 1993-modell. Trass i at bilen er 25 år gamal, føler dei seg trygge.

– Bilen er faktisk eldre enn oss. Sjølv om han er gamal, har han berre gått 200.000 km. Han har vore godkjent som russebil dei tre siste åra, og er EU-godkjent. Vi hadde med ein far som har jobba på verkstad for å sjå over bilen før vi kjøpte han.

– Det er veldig bra at vi får kontrollert han gratis her. At vi slepp å betale, gjer truleg at fleire russ kjem hit for kontroll. Det er med på å gjere russebilane tryggare. Vi bestemte oss for å ha bil saman i 2. klasse. Sjølve kjøpet skjedde spontant. Det var ein bra bil, med bra anlegg, fint interiør og seta vendt mot kvarandre, seier Lene.

Bilen kosta jentene 55.000. I tillegg har dei brukt 10.000-20.000 kroner. Dei har nokre sponsorar, og etter russetida vil dei selje han vidare. Dei fortel at dei har jobba mellom anna på Malakoff Rockfestival for å finansiere bilen.

Kontrollerte elleve russebilar

Inspektør Eirik Berg ved trafikkstasjonen på Eid seier dei sjekka til saman elleve russebilar frå Stryn, Måløy, Eid og Sandane då dei inviterte til gratis kontroll førre veke.

Kontrollen gjekk føre seg over to ettermiddagar sist veke.

– Sjølve kontrollen tek ein times tid. Vi serverer pølse med brød og har laga ein liten quiz for russen medan dei ventar.

Inspektør Eirik Berg hadde merknader til «Exercitus». Statistikk viser at det har vore 26 ulukker med russebil frå 2007 til 2016, der 1 omkom, 5 blei hardt skadde og 30 lettare skadde.

Vi var med då han og kollega Terje Lefdal sjekka russebilen «Exercitus». Jentene som eig bilen fekk ikkje oblaten for godkjent russebil direkte etter kontrollen. Det vart funne manglar dei må utbetre.

– Det vi finn er stort sett enkle ting å fikse. Dei fleste får oblaten når dei kjem tilbake og kan vise at dei har utbetra manglane. Første dagen kontrollerte vi sju bilar, den eine fekk oblaten direkte, fortel Berg.

– Det går mest på bremser, setefeste, feste av stereoanlegg og slike ting.

– Russebilane er oftast gamle bilar, denne er 25 år, er dei trygge i trafikken?

– Ja, det vil eg seie. I forkant har vi vore ute på skulane med informasjon. Det handlar om kva dei må tenkje på og korleis dei må oppføre seg i trafikken.

Kampanje: «Ja betyr ja»

Norske Kvinners Sanitetsforening har lansert kampanjen «Ja betyr ja» i samband med årets russetid.

I ei pressemelding går det fram at dei ynskjer å snu debatten frå «Nei er nei», og fokusere på at det skal vere positivt samtykke frå begge partar.

«Nei er nei» er eit slagord frå Amnesty. No lanserer NKS «Ja betyr ja».

– Sex skal vere eit likeverdig val for begge partar, og begge skal ville. Eit «nei» er eit avslag, eit «ja» er ein positiv aksept basert på likeverd. «Ja» betyr at begge partar har reflektert og fatta avgjerd. Først då er forholdet likestilt og valet likestilt, heiter det i pressemeldinga.