Det skriv Statens vegvesen i ei pressemelding.

– Entreprenør Consolvo AS startar med å rigge opp utstyret sitt og montere stillas på brua. Arbeidet vil starte ved pilar 22, som er på vestsida av seglingsløpet, og dei vil halde fram i retning mot Måløy. Dei vil jobbe på ei strekning på ca. 200 meter av gangen, og det meste av arbeidet vil skje frå stillas som heng under brua, seier byggjeleiar Trond Gjerland i Statens vegvesen.

I 2018 er det planlagt arbeid frå seglingsløpet til ca. 250 meter inn mot Måløy sentrum. Dette medfører redusert ferdsel under brua der arbeidet føregår. Innsnevring til eitt køyrefelt er naudsynt i ei strekning på 2-300 meter, og trafikken vil bli sleppt igjennom fortløpande med hjelp av trafikklys. Fartsgrensa blir sett ned frå 60 til 50 km/t.

Nordre fortau vert stengt for all ferdsel i heile anleggsperioden, men fortau på sørsida skal vere ope for ferdsel.

Den 1224 meter lange brua skal få «katodisk vern». Dette betyr at laus og dårleg betong skal fjernast, før ny betong blir sprøyta på saman med eit nett av metallet titan. Når brua har fått påført dette nye "topplaget", vert ein permanent, svak likestraum påført nettet. Nettet dannar då det som på kjemi-språket vert kalla ein anode, slik at rust-prosessen i armeringsstålet inni betongen stoppar opp. Gjennomføring av arbeidet er planlagt fordelt over fire år, med stogg midtvinters.

Statens vegvesen vil halde informasjonsmøte om arbeidet 3. mai i kommunestyresalen i kommunehuset.

– Alle interesserte er velkomne, skriv vegvesenet i pressemeldinga.