Etter suksessen i Stjernekamp reiser Didrik Solli-Tangen ut på turné på Austlandet, Trøndelag, Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane. Konserten i Kjølsdalen er den einaste i Nordfjord.

– Ideen bak turneen er det intime og den direkte kontakta med publikum. Difor reiser Didrik rundt med ein enkel produksjon til små kyrkjer for å skape ei unik stemning og ein hyggeleg konsert for alle. Med seg har han pianist Trond Akerø-Kleven, heiter det i ei pressemelding.

30-åringen frå Porsgrunn vil fortelje historia si om korleis songen greip han som 15-åring, den klassiske utdanninga, sigeren i Melodi Grand Prix og vegen fram til der han er i dag.