– Det er ikkje første gongen vi har slåst for legekontoret, og vi gir oss ikkje, seier Janne Røkås og Helga Swensen frå Stadlandet som nyleg samla inn 510 underskrifter for å få politikarne til å høyre.

– Det bur rundt 7-800 her på Stadlandet, så 510 underskrifter midt på sommaren, er bra. Det vitnar om at vi står samla, seier Janne Røkås, som saman med Helga Swensen (biletet) og fleire sette i gong underskriftskampanjen.

No vil dei sende brev til ordførar Ottar Nygård med krav om å få behalde doktorkontoret som er prøvestengt fram til nyttår.

– Vi er faktisk skattebetalarar på denne sida av kommunen også. Vi vil ha igjen litt for pengane, seier Røkås.

Fryktar konsekvensane

Røkås og Swensen trur yttarste konsekvens av at basistilbod no held fram med å forsvinne frå Stadlandet er fråflytting.

– Folk reiser jo herifrå. Eg veit folk som ikkje vil busette seg her fordi Nordfjord sjukehus forsvann. Om alt fer, vil ingen bu her, seier Helga Swensen.

– Fleire politikarar har uttala at ein må få ungdommen til å flytte tilbake. Men då må dei møte seg sjølve i døra når dei stemmer for nedlegging av legekontoret, seier Røkås, som trur fleire vil få fastlege i Vågsøy, Eid eller Vanylven om kontoret forsvinn.

Swensen, som er medlem i Eldrerådet i Selje, peikar konsekvensane for eldre menneske.

– Det er greitt for meg som kan køyre bil, men om ein er gamal, og kanskje ufør, blir det vanskar. Eldrerådet står på sin uttale om at dei ønskjer å behalde legordninga som den er, seier ho.

Vil gjere alt

I Selje kommune ser ein nedlegging av legekontoret som ein måte å spare pengar på i ein vanskeleg økonomisk periode, men det er ikkje bra nok, meiner damene.– Eg blei fortald at det kostar 70.000 kroner i året å drifte kontoret. Det er lommepengar! Om det skulle vere problem med pengar til innreiing og utstyr, er vi ikkje verre på det enn at vi startar kronerulling, seier Røkås.

Dei synest det er trist å sjå at fleire og fleire ting bli borte.

– Eg har budd her heile livet, og det er heilt forferdeleg å sjå kor ting forsvinn. Politikarane verkar å jobbe for Selje og sentrum. Vi forstår at vi er ein utkant, men slike avgjerder som denne nører jo godt oppunder den nord-sør-konflikta dei seier vi må legge til side, seier Røkås.