I dette området sør for Vågsøy Ungdomsskule ligg tanken som førte til oljelekkasje på hamna i Måløy tysdag.

Tanken er greven ned i bakken, og ein trur det er hol i denne som har ført til lekkasje.

Leiar i eigedomsavdelinga i Vågsøy kommune, Frode Weltzien seier til Fjordenes Tidende at tanken vart fylt heilt opp måndag ettermiddag.

- Den tek 10.000 liter. Oljen blir brukt til oppvarming på skulen. Tysdag morgon fekk vi melding at det lukta olje i området rundt Bring-terminalen, seier Weltzien.

Han trur at rundt 2.500 liter av oljen kan ha runne ut. Tysdag jobba kommunen med å tøme heile tanken. Tidlegare tysdag skreiv Fjordenes Tidende at 8.000 liter olje hadde runne ut. Men no trur ein altså det er rundt 2.500 liter olje som har runne ut.

- Vi må lage ei mellombels løysing, og trur ikkje at det skal gå ut over undervisninga eller drifta av skulen. Vi skal i gang med ei større oppussing av skulen, og såleis er det ikkje aktuelt å grave opp tanken som førte til utslepp i denne omgang, seier Weltzien.

Brannsjef i Vågsøy, Kim Hjelle, sa til Fjordenes Tidende tysdag klokka 12.20 at dei vil jobbe med å samle opp den oljen som ligg i kanten.